Kvitkrull

Frå Alnakka.net
Kvitkrull
Kvitkrull, Cladonia stellaris Foto: Anders Wahl
Kvitkrull, Cladonia stellaris
Foto: Anders Wahl
Systematikk
Rike: Fungi
Rekkje: Ascomycota
Klasse: Lecanoromycetes
Orden: Lecanorales
Familie: Cladoniaceae
Slekt: Cladonia
Vitskaplig namn
Cladonia stellaris
(Opiz) Pouzar & Vezda, 1971
Skogsbotn med kvitkrull.
Foto:Anders Wahl

Kvitkrull (Cladonia stellaris, syn. Cladonia alpestris (L.)) (bm./nyn.; sv. fönsterlav) er ein av artane i reinlav-gruppa av slekta Cladonia. Kvitkrull veks på bakkan med 5–15 cm høge podetium. Han manglar horisontaltallus. Farga er gulkvit til lysgul og han er rikt forgreina. Greinspissane pekar i alle retningar og danar tette og avrunda toppar. Kvitkrull er vanleg over heile Norge og Sverige anna enn i dei ytste kyststrøka i Norge og i Skåne lengst sør i Sverige. Kvitkrull er særleg vanleg i nordlege strøk og i barskogs- og fjellstrøk, derav det eldre vitskaplige namnet C. alpestris (Linné). Kvitkrullen veks generelt gjerne samen med lys reinlav og grå reinlav, og han er generelt vanlegare i Sør-Norge enn desse to andre reinlavartane.

Kvitkrull er viktig som næring for rein. Særleg om vinteren i Sør-Norge utgjer han ein vesentleg del av beitet. Reinen har ein sterkt tilpassa flora av mikroorganismar i fordøyelsen som gjer at han kan fordøye opptil 80-90 % av karbohydrata i laven. Kvitkrull har vore bruka som tilleggsfôr til storfe òg. Andre drøvtyggjarar enn rein kan utnytte opptil 40–50 % av karbohydratane.

Kvitkrull tek til seg fuktigheit, og i tidlegare tider vart det ofte lagt kvitkrull i vindaugskarmen eller mellom koplaglasa (jfr. det svenske namnet fönsterlav) for å trekkje til seg kondens og halde treverket tørt. Kvitkrullen har òg vorte bruka til tetting av hus. I nyare tid blir kvitkrull sanka i store mengder — særleg i Hedmark — til dekorasjonsformål, slik som midtvinterskransar og gravkransar.

Kjeldor

Krog, Hildur/Østhagen, Haavard/Tønsberg, Tor: Lavflora : norske busk- og bladlav, Oslo 1994, ISBN 82-00-41445-0


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon