Kvardagskrem

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Kvardagskrem er ein billig dessert med sur mjølk og tørt brød som hovudingrediensar.

Oppskrift

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

  1 l    god sur mjølk 
  1 kopp kremfløyte 
100 g    turka knust brød 
  3 msk  sylte [syltetøy] (bringebær el. rips) 
2-3 msk  sukker 

Framgangsmåte

Visp mjølka, og bland med stivvispa fløyte. Ha i brød, og syltetøy, smak til med sukker.