Kva er ein torárull

Frå Alnakka.net
Ein open torarull.

Ein torarull eller ein sefer er ein rull av pergament (preparert dyreskinn med ekstra fin overflate) som inneheld heile Toraen (Mosebøkerne). Torarullen er skreven på språket hebraisk og med det hebraiske alfabetet. Kvar einaste bokstav er handskreven av ein sofer — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.

Når torarullen ikkje blir lesen frå, er han heilt samenrulla. Somme brukar å ha rullen i ein sylinder av tre eller metall som blir kalla ein tik. Andre brukar å kle han i ei spesiell kappe som blir kalla mengil eller vestido. Enkelte gjer begge deler. Torarullane blir oppbevart i Hekhal (arka, toraskåpet) når dei ikkje er i bruk.

Les meir

Andre lette artiklar