Kultur

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 12. april 2020 kl. 20:26 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Kultur''' (gjenom latin ''cultura'' frå ''colere'' (‘dyrke, foredle, kultivere’) er eit omgrep som generelt viser til mønster av menneskelig aktivit…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kultur (gjenom latin cultura frå colere (‘dyrke, foredle, kultivere’) er eit omgrep som generelt viser til mønster av menneskelig aktivitet og dei symbolske strukturane som gjev slik aktivitet meining. Olike definisjonar av «kultur» viser til olike teoretiske forståelsar, eller undersøkjelseskriterium, av kultur. Omgrepet er vanskelig å definere i moderne tid fordi det blir bruka i svært mange samenhengar på svært olike måtar. I begynnelsen av 1950-åra samla dei amerikanske antropologane Alfred Kroeber og Clyde Kluckhohn over 100 olike definisjonar av ordet bruka i engelsk litteratur.

Det er no vanleg å definere kultur etter tre olike retningar:

  • Det kvalitative, verdiorienterte eller humanistiske kulturomgrepet
Det har som føresetnad at det finst ein kulturell verdimålestokk. Historisk har kulturomgrepet gjenomgått ei endring frå ei konkret tyding knytt til vekst i naturen i overført meining til å kjennetekne det alminnelige åndelige utviklingsnivået i samfunnet som heilheit.
idéar, normer og verdiar i olike samfunn må forståast ut frå premissa ått dessa samfunna, ikkje ut frå nånn utaförståande kvalitativ målestokk. Ein idealistisk samfunnsvitskaplig fagtradisjon vil bruke denna definisjonen:
Kultur er det fellesskapet av idéar, verdiar og normer som eit samfunn, det vil seie ei gruppe menneske, har, og som de prøver å føre vidare til den kommande generasjonen.
Ein materialistisk kulturhistorisk fagtradisjon vil bruke definisjonen:
Med kultur forstår vi dels de materielle omgivelsane som menneska har bygd opp kring seg, dels den åndelige arva i form av verbale tradisjonar, trusførestellingar, idéar, kunnskap, normer og anna som de har tileigna seg gjenom læring og tilpassing.
  • Det utvida eller kulturpolitiske kulturomgrepet
Det nye kulturpolitiske kulturomgrepet har blant anna bakgrunn i ein samfunnsvitskaplig basert erkjennelse av at den tradisjonelle kulturen først og fremst er kulturen for ein sosial elite. Men etter kvart slo det synet gjenom at ein moderne, demokratisk kulturpolitikk burde femne vidare. Det burde omfatte kulturlivet til folk flest «som det blir levd».

Litteratur

  • Berggreen, Brit: Da Kulturen kom til Norge. Oslo 1989 ISBN 82-03-16153-7
  • Geertz, Clifford: The Interpretation of Cultures. London 1973 ISBN 0-00-686260-8
  • Klausen, Arne Martin: Kultur, mønster og kaos. Oslo 1992 ISBN 82-05-20744-5

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kultur» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.