Krystallsoda
Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Krystallsoda eller natriumkarbonat dekahydrat (Na₂CO₃·10H₂O) er eit hydrat av natriumkarbonat som blant anna blir bruka til reingjering og i glasproduksjon.
Krystallsoda er sterkt feittløysande og eignar seg spesielt godt til reingjering av glas. Bruk ikkje krystallsoda til reingjering av kasserollar o.a. av aluminium eller sink.
Ved vask av tøybleior er det lettare å få ut lukta om ein tilsett litt krystallsoda til vatnet under hovudvasken. Da er det sjølvsagt enda viktigare enn vanlig at ein tilset eddik, mjølkesyre eller anna syre til eit av skyljevatna for å nøytralisere basen.
Ein kan kjøpe krystallsoda blant anna på Felleskjøpet.[1]
Pekarar
- Akol Krystallsoda – produktinfo frå Arcus Kjemi