Krydderkake
Frå Alnakka.net
Krydderkake (nyn./bm.), kryddkaka (sv.) eller krydderkage (da.)) er ein tradisjonell type formkake frå Skandinavia. Krydderkaka er basert på smör, mjølk, egg, sukker og mjøl, og som krydder blir vanlegvis nellik, kanel og ingefær bruka. Vi steikjer vanlegvis krydderkake enten i formkake- eller brødform eller i langpanne, men det går an å bruke ei vanleg rund kakeform òg.
Oppskrift
Ingrediensar
500 g smör 4 dl mjølk 8 egg 1 l sukker 12 dl mjøl 8 ts bakepulver 8 ts nellik 8 ts kanel 8 ts ingefær
Framgangsmåte
Kok opp smör og mjølk. Visp egg og sukker. Bland tørrvarone. Bland alt samen. Steik i form ca ein time ved 175 °C. (Ved halv porsjon: 45 min.)