Krumkakor

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Kakefat med kjegleforma krumkakor øvst til venstre. De andre kakeslaga er goro med hanemønster (nedst til venstre) og smultringar (til høgre).
Foto:Olve Utne

Krumkakor er ein type småkakor av røre som blir steikt i krumkakejarn og deretter forma over kjeglor til kremmarhus eller i koppar til koppform. Krumkakone blir sprøde når de kolnar av. De blir gjerne etne med fløytekrem eller iskrem, men de er kanskje aller mest populære som julkakor.

Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

I

Ingrediensar

125 gr kveitemjøl
125 gr smör
125 gr sukker
  5   eggekvitar

Framgangsmåte:

Gjer smöret mjukt og rør kvitt med sukkeret; tilsett mjølet og de stivpiska kvitane. Steik lyse gulbrune i krumkakejarnet og krum dem over krumkakekjegla med ein gong de blir tekne utur jarnet.

II

Ingrediensar

1 kopp sukker
1 kopp smör
1      egg
1 kopp mjølk
1 kopp potetmjøl
1 kopp kveitemjøl
 litt  vaniljesukker