Kristofer Janson: «Når stormen ryker upp frå nord»
Frå Alnakka.net
«Når stormen ryker upp frå nord»
av Kristofer Janson
- Når stormen ryker upp frå nord,
og havet det går kvitt,
so strika, gut, på seglet då
og hald på styret ditt;
slepp ikkje taket, um det går
på harde livet laus,
vert båten full, so bitt det fast
og berre teg og aus.
- Og er du ikkje god å sjå
for berre skum og skvett,
so byrja på ei salme då
og ro, so blodet sprett;
men spring eit bord, og sjøen velt
inn på deg blå og kald,
so bøyg deg yver tofta ned
og gjev deg Gud i vald!
Kjeldor
- Seip, Karl: En liten visebok for hjemmet. Oslo : H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1929.