Kristofer Janson: «Ein islandsk bondegard»

Frå Alnakka.net

«Ein islandsk bondegard»
av Kristofer Janson

Når ein kjem ridande, er det inkje altid so greidt å skilja ein islandsk gard; for han ser mest ut som ein grøn haug. Kjem ein nærare, so ser ein fyrst ein grøn torv-gard kring tunet, og innanfyre ligg då husi på rad. Dei er ofta mange og er samanbundne soleids, at det er ein vegg til tvau hus. Veggjerne er av torv elder stein og torv og forsett breide og digre. Inne i veggjerne er det ofta gravet hol til hundarne på garden. Brjostet på huset er då av bord, men altid smalt; taki er torvtak. Når du so skal stiga inn, so agta skallen, at du inkje slær deg i dyri; for so lågt er det på Island. Eg heve soleids dunkat skallen min mot dyrer, veggjer og tak på Island, at det er eit reint under, eg slapp livande heim. Når du heve bukkat deg innunder dyri, lyt du fyrst trivla deg fram gjenom ein lang, myrk gang med torvveggjer på både sidor. Du glytter liksom inn i hol og smette her og kvar; men du gjeng framum deim og stemner beint på. Inst i gangen er det som oftaste ei liti tropp, du stig upp, og du er i «badstova». Her er det, heile huslyden samlar seg. Badstova er lang og smal og reint mett med sengjer. Sengjerne er fastgjorde til veggjen på både langsidor, so det er leivt atter ein smal gang millom deim. På eine breidsida er då eit litet glas, og under det stend eit litet bord, somyket ein kann setja maten frå seg på. Når dei skal eta, sit kvar på si seng med matkoppen i fanget. Heile badstova er bordklædd. Dei, som då hava råd til det, hava attåt ei «stova» fyre gjester. Det er då eit litet fyrkantat rum med ei seng, eit bord, krakkar og nokre kistor. Omn hava dei sjeldan elder aldri på dei islendske gardarne; for dei hava litet til at brenna i omnen. Er det for kaldt, sitja dei i sengjom og arbeida, binna og kara, medan ein les høgt av dei gamle sagabøker. Til at koka med bruka dei torv; men sume tider lyt dei og lata seg nøgja med saudetad, som sauderne hava ihoptrokkat i fjoset, og som dei då um sumaren skjera upp i remsor og turka. Utmed havet bruka dei og at brenna fiskerusk og beini av stormfuglar og andre sjofuglar; bringa skjera dei av og salta ned. I smidja bruka dei mest steinkol.

Kjøket ser inkje so myket trivelegt ut. Det er då eit torvhus på skap som ei gomol røykstova. Eldstaden er berre nokre steinar lagde på kvarandre, somyket gryta kann standa på deim. Røyken sviv då ut i romet, der han sjølv vil, og so hava dei stunget ei 4–5 små hol i taket, at han kann få smetta ut. Eg undrar meg på, at inkje alle islendske husmøder er surøygde. Dei andre hus er inkje myket umsnakkande. Det er då stabbursrom, mjølkerom, rom til turrfisken, ulli, ambodi o.s.v. Korleids dei liva så i daglegt lag, fekk eg inkje sjå, då gjesterne altid skulde hava nokot umframt, og eg inkje kom der med matmåli. Men eg veit det, at dei bruka litet med braudIsland. Bakaromn hava dei inkje; dei steika braudet i grytor elder i oska. De sedvanlege braudet er tunne, flata kakor, som skulde vera harde; men av di det er slik vått vedr og vasskalde hus, verd dei altid seige. Dei bruka myket turrfisk med smør på istadenfyre braud. Smøret sitt bruka dei sjeldan at salta; det stend, til det verd surt, og då kann det halde seg, korlengje det skal vera, utan at verda trått. Orsaka til, at dei inkje salta smøret, er vel den, at saltet verd so dyrt, når det skal klyvjast lange leider; og so skal det sure smøret vera drjugare og lette meltingi av all den turrfisken, dei hava i seg. Fatigfolk bruka ofta talg og tran fyre smør, elder so feit, som er fløytt av sodet på stormfuglarne. Eg fekk no aldri annat enn saltat smør på Island.

Elles er Island eit godt matland. Elvarne er fulle af laks og silung (aure); der er gode beite, so dei hava det feitaste og beste saudekjøt, ein kann sjå. Dei bruka myket at røyka og so vindturka saudekjøtet. Detta kalle dei hangi-kjøt, og det smakar ovlege godt. Og so hava dei «skyr». Det er då skumad mjølk, som verd kokt og so stend og svalar seg, til ho er sopas lunki, som då ho kom utor kui. So hava dei løype nedi, so det brest, og når då vallen heve samlet seg nokot, sila dei det af i en klut. Dei eta det då med fløyte til og sukker på, når det skal vera fælt grumt. Det smakar på lag som det, byfolk kalla «oplagt melk», berre inkje so feitt. Skyr kunde ein få på alle gardar og prestgarder og til alle tider, og eg tykte no, det var forkunn mat.

Alt dette er no bra nog. Men bøen elder tunet, som islendingen kallar det, vilde inkje ein norsk bonde vera nøgd med. Det var tuva på tuva burtetter. Det skal hava seg soleids, at jordi er liksom føyrutt (porøs) av seg. Um våren i snjoløysingi samler då vatnet segnpå dei lågaste stelli, og der sig jordi ihop. År etter år sig det meir og meir ihop, til dess det verd som ei renna, og sidstpå ser heile bøen ut som ei not med slike rennor. At sletta slik ei mark er eit mødefullt arbeid; for det gjeng inkje berre med at pløgja upp heile greida og så i grasfræ. Eg talad med ein, som hadde freistad det; men endå på fjorde året var det inkje komet fast grastorv atter. Nei, dei må fyrst skjera den gamle torva av, so sletta tuva med spaden og so leggja den gamle torva på atter. På sume stelle såg eg, dei hadde byrjat med detta; men det gjekk småt. Elles er det dei bønder, som meina: «dess meir tuvutte, dess meir gras;» men det vil nok syna seg, at dei forreikna seg i den tingen; inkje at nemna all den tid, som gjeng med, og alt det bry, det må vera at slå slikt eit tuvutt tun.

Ein av våre framstigsmenner i jordbruket vilde rista på hovudet og krossa seg, når han såg dei islendska jorderne og heile stellet; for det er, som det var fyre århundrad sidan; men den tid skal vel koma og er visst nær, då folket ogso i so måte vil rista svevnen or seg og manna seg upp. Det var gilde kyr, eg såg på Island; men på gardom hava dei fleira hestar enn kyr. Til ein gard på 7 kyr høyrer det jamlegt 15 hestar. Elles er det no sauden, dei mest liva av. Honom heldt dei i store flokkar, ofta på mange hundrad. Suden gjeng no ute heile vetren, og på dei fleste stelle gjerer hesten det og. Kjem det no forsett vedr med snjokave og storm, hender det ofta, at heile flokkar med fe tynest på fjellom. Um våren kann ein då finna deim stuvade på kvarandre i snjodrivom. Eg spurde ein islending, um inkje mange hestar rauk med på den måten; men han svarad berre turt: «Å, dei, som duger til at liva, dei liva.» Difyre ser ofta islandshestarne raggutte ut, som bjørnar. Dei, som kann hava rom og råd til det, stallfodra no lengste laget.

Ja soleids er det daglege stellet på Island; eg trur inkje, mange av oss kunde trivast i det. Då eg siglde innigjenom Kristianiafjorden i makalaust solskinsvedr og såg skogen og åkrarne og dei fine, hyggjelege trehus mellom treom, då takkad eg min Gud, at eg var fødd i Norrig og inkje på Island. Dei vilde visst ganga mange som meg. —

Korleids skynad no islendingarne landsmålet vårt? Dei, eg snakkad ved, sagde, dei hadde skynat det godt; men eg høyrde, det var andre, som inkje hadde skynat stort av det. Fyre deim, som kann både dansk og islendsk, er det vandelaust at skyna landsmålet; for det, dei inkje kann skyna av det eine målet, kann dei skyna av det andre; men fyre dei andre gjeng det tungt. Eg såg berre, kor vandt eg hadde fyre at skyna islendingen, og eg hadde då leset gamalnorsk og var kunnug i bygdemåli. No er det so, at ein altid kann koma lenger fram med landsmålet end med dansk i dei bygder, der inkje dansk er kjend; men lika vel gjeng det tungt. Orsaki til det er mest den, at islendingarne uttala ordi på ein annan måte, enn våre bønder gjera. Der, me segja «y», segja dei «i»; der, me segja «au», segja dei «øi»; der, me segja «æ», segja dei «ei» osv., og detta forviller reint. Det ord, som soleids verd skrivet likens, verd uttalad på kvar sin måte. Hadde ein av vestlandsbønderne våre voret på Island i tri vikor, so trur eg, dei kunde tala kvar sit mål og greidt skyna kvarandre; for når tvo islendingar rødde saman, var det nett som at høyra sogningar heima hjå os.

Redaksjonsprinsipp

  • Aa er endra til å.
  • Rekkjefølgja av hermeteikn og anna teiknsetting er endra i tråd med moderne norsk.
  • Elles er teksten attgjeven i uendra form, inkludert trulege trykkfeil i kjelda.

Kjeldor

  • Pauss, B. & Lassen, H.: Læsebog i modersmaalet. Den mindre udgave. Sjette bind. Tredje oplag. Kristiania (Th. Steen & Alb. Cammermeyers Forlag), 1896.