Kristian Østberg

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 3. mai 2020 kl. 23:34 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{æ}}» til «a»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kristian Østberg (f. 8. november 1867, d. 21. februar 1942) var ein norsk jurist, høgskuledosent, folkeminnesamlar og statsstipendiat som særleg er kjent for verket Norsk bonderet.

Østberg vart fødd den 8. november 1867 i Grue kommune som bondeson. Han gikk på underoffisersskule 1885–89 og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889–95. Samtidig tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og 1892-1904 var han lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Samtidig med læraryrket studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. 1906–1908 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen, og etter det vart han tilsett som høgskuledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved NLHÅs.

Kristian Østberg var særleg interessert i folkloristikk. Alt i 1901 fikk han det første stipendet sitt frå Universitetet for å samle folkeminne frå Finnskogen. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å dokumentere folkeleg sedvanerett og bonderettsleg tradisjonsmateriale. I 1904 fikk han som jusstudent Kronprinsens gullmedalje for avhandlinga Giv en paa egne undersøgelser af den lokale retspraksis og bondens retsopfatning bygget fremstilling af de til kvægleie knyttede sædvanemæssige retsregler i et eller flere amter. Østberg arbeidde vidare med temaet, og frå 1912 vart han statsstipendiat for å fortsette det arbeidet. Første bandet av Norsk bonderet kom ut i 1914 og gav honom ein doktorgrad i 1915: Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler. Bokverket, som kom ut i tolv band i tida 19141939, var kulturhistorisk viktig, men har fått lite å seie i rettssystemet.

Kristian Østberg dødde på Ås den 21. februar 1942.

Litteratur

  • Haukaas, Kaare: «Kristian Østberg», i Norsk biografisk leksikon, 1. utg.
  • Kirkebranden i Grue 1ste pinsedag 1822 : beretninger m.m. 1897.
  • Juridiske examensopgaver. 1902.
  • Finnernes Bosættelse i Solør. 1903.
  • Bonderetsstudier i Trøndelagen. 1903.
  • Primstaven. 1912.
  • Norsk bonderet. 1. Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler. 1914.
  • Norsk bonderet. 2. Tjenesteforhold, lotkontrakter. 1918
  • Norsk bonderet. 3. Smaa bonderetslige og retshistoriske avhandlinger og artikler. 1922.
  • Teoretisk socialøkonomik : En kortfattet oversigt. 1923.
  • Svartboka. 1925.
  • Norsk bonderet. 4. Av tømmerdriftens rets- og sedvaneregler. 1926.
  • Norsk bonderet. 5. Sedvaner i granneforhold. 1928.
  • Norsk bonderet. 6. Seterbruket i Norge : med et tillegg om årets - især landbrukets merkedager. 1930.
  • Norsk bonderet. 7. Føderåd - gjerder, norrøne bondevedtekter. 1932.
  • Norsk bonderet. 8. Av saltvannsfiskerienes sedvaneregler. 1934.
  • Norsk bonderett. 9. Husmannen ; Gammelnorsk primitiv hvalfangst ; Landslott. 1934.
  • Norsk bonderett. 10. Bonderett (foredrag) ; Torvskurrettigheter ; Tillegg til tidligere bind ; Norrøn bondetrygd ; Bør. 1935.
  • Norsk bonderett. 11. Fellesskap i jord og skog ; Heimerett ; Brukspant ; En gammel skikk. 1936.
  • Norsk bonderett. 12. Deler av og tilbehør til fast eiendom ; Brenntorvforhold ; Husbehovsrett ; Seter i annen manns skog ; Bonderettsforskingen. 1939.
  • «Finnskogene i Norge». I: Norsk geografisk tidsskrift 1931-1939. Som bok: Grue, 1978.

Pekarar

  • Sambok 65 bøker/særtrykk av Kr. Østberg


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon