Krekling

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 00:25 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{one}}» til «one»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Krekling

Krekling
Krekling

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatopsida
Klasse: Magnoliopsida
Underklasse: Magnoliidae
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Slekt: Empetrum
Art: E. nigrum
Vitskaplig namn
Empetrum nigrum

Krekling eller krækjebær (Empetrum nigrum) er ei lita, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Ho er kjent for dei blåsvarte, etande bæra sine. Planta trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog.

Krekling sprer seg utover i teppe der buskane blir 10–25 cm høge og har mörkegrøn grunnfarge. Greinene og stenglane ligg nedpå bakkan eller bøyer seg litt oppover i endane. Blada er småe, litt glatte/sukkulente, og sitt i klasar langs mykje av stengelen. Dei nyaste skotta er litt raudlige.

Blomstrane er småe og raude med tre gulgrøne begerblad og tre heilt raude kronblad. Ho- og hannplantone er separate i underarten E.n. ssp. nigrum, som veks i låglandet, medan underarten E.n. ssp. hermafroditum, som særlig er utbreidd i fjellstrøk, har tokjøna blomstrar.

I Norge er arten svært utbreidd heilt opp til 1 800 moh. I Nord-Norge er bæra til krekling kjent som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eignar seg godt til å laga saft eller gelé.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Krekling» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.