Kråkevisa

Frå Alnakka.net

«Kråkevisa»

Tekst

Nedskreven av Olve Utne etter lydopptak av Magnhild Havdal Almhjell.

  1. Mannen han gjekk seg i vedaskog,
    sutta ti lota lenta, —
    der sat d’ei kråke i lunden og gol,
    — sutta ti lota lenta. —
     
  2. Mannen han tenkte med sjølve seg:
    «Skal tru no den kråka vil drepa meg?»
     
  3. Og mannen han snudde om hesten sin,
    så køyrde han heimatt til garden igjen.
     
  4. «Å høyr du, min mann, kva eg spøre deg:
    Kvar vart det av veden du køyrde til meg?»
     
  5. «Eg køyrde no slett ingen ved til deg,
    for kråka ho svor ho skull’ drepa meg.»
     
  6. «Å, no har eg aldri høyrt større skam!
    Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?»
     
  7. Men kråka kom etter på takjet og gol,
    og mannen han opp gjenom ljoren fór.
     
  8. Og mannen han spente sin boge for kne,
    så skaut ’n den kråka så ho datt ned.
     
  9. Så spente han føre dei folane ti,
    men kråka ho sprengte alle di.
     
  10. Så spente han føre dei folane tolv,
    så køyrde han kråka på låvegolv.
     
  11. Så flådde han kråka og lema ho sund.
    Ho vóg innpå seksten og tjue pund.
     
  12. Av skinnet så gjorde han tolv par skor;
    det beste paret det gav han te mor.
     
  13. Og kjøtet han salta i tunner og fat,
    og tunga han hadde til julemat.
     
  14. Av tarmane gjorde han tolv par reip,
    og klørne han brukte til møkagreip.
     
  15. Og nebben han brukte til kyrkjebåt
    som folk kunde segla på frå og åt.
     
  16. Og munnen han brukte te mala korn,
    og øyro han gjorde til tutarehorn.
     
  17. Av augo så gjorde han stoveglas,
    og nakken han sette på kyrkja til stas.
     
  18. Og den som ’kje kråka kan nytta så,
    han er ikkje verdt ei kråke å få.