Kokse
Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Ei kokse (ndm. «ko’ks») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegel, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollpinnar.
Geografisk sétt er koksa, som òg kan bli kalla «pra’m» (prame, f.), vanleg på Nordmør og i Fosen (Trøndelagskysten nord til Osen). Namnet kokse kjem frå sørsamisk guksie (uttala goksie i namdalssamisk), som elles betyr ei lita drikkeause av tre og med eitt skaft.