Klezmermusikk

Frå Alnakka.net

Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austasjkenaziske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange olike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan vi seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjennetekna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, förstørra sekundar og sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innaför todelt takt er det mykje bruk av synkopar.

Namnet klezmer kjem frå hebraisk כְּלֵי זֶֽמֶר [kə'le: 'zemer], som direkte omsett tyder ‘songreidskap’. På jiddisch kom ordet til å betyde ‘musikar’ — ein klezmer, fleire klezmórem. Musikken som klezmórem spelar blir helst kalla klezmermusikk, men kan òg rett og slett bli kalla klezmer.

Klezmermusikk i Skandinavia

De viktigaste klezmerensembla i Norge er ensemblet Sturm und Drang med base i Oslo og Urban Tunélls klezmerband i Trondheim.

Sjå òg