Klavikord

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 02:03 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Klavikord bygd av C. Jansen i 1763 og bruka på HemnesHelgeland.

Eit klavikord er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av stiftar som slår mot strengen og ligg mot strengen til ein slepper tangenten att, i motsetning til piano, der hammaren slår mot strengen og dett tilbake att med ein gong. Det finst tre hovudtypar av klavikord: bunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har to eller fleire stiftar med ulike tonehøgder; obunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har éin stift og ei tonehøgd; og cembal d'amour, som er eit obunde klavikord der strengene er odempa på begge sidor og stiften slår an strengen midt på slik at begge sidone kling med med samma tonehøgda. Andre variasjonar inkluderer éin eller fleire manualar og med eller utan basspedalar. Klavikordet, som på 1700-talet i Skandinavia ofte rett og slett vart kalla claveer, var mest populært i Skandinavia, i tyskspråklege land og på Den iberiske halvøya. I Norge var klavikordet populært frå tidleg på 1600-talet og utover til nokre tiår innpå 1800-talet.

Bildegalleri

Pekarar