Kiva.org

Frå Alnakka.net
Kiva.org sin logo og slagord

Kiva.org er ein frivillig organisasjon som har som mål å føre folk samen gjenom lån for å redusere global fattigdom. Gjenom bruk av Internett og eit verdsomspennande nettverk av mikrofinansinstitusjonar let Kiva enkeltpersonar låne ut ned til 25 amerikanske dollar (kring 150 norske kronor) for å hjelpe til med å finansiere småbedrifter eigd og drevne av personar frå låginntektsgruppor kring i verda.

Lån gjenom Kiva gjev 0 % rentor til utlånarane, og Kiva sjølve krev ikkje rentor frå låntakarane. Det finst planer om å kreve 2 % rentor frå mikrofinansinstitusjonane frå utpå året i 2007.[1] Låntakarane betalar noko rentor til dei lokale mikrofinansinstitusjonane som administrerer enkeltlåna,[2] men Kiva.org hevdar at dei held auge med kor mykje rentor som blir krevd og at dei ikkje vil arbeide med institusjonar som krev {{o}rettferdige eller obehøveleg høge rentor. Kiva-låntakarane har ein historisk tilbakebetalingsrate på 100 %.[3] Kiva arbeider med regulatorar for å kunna late mikrofinansinstitusjonar tilby variable rentor til olike låntakarar.

Kossen verkar det?

Kiva-partnarar kring i verda.

Kiva let mikrofinansinstitusjonar kring i verda avertere profilar av kvalifiserte lokale entreprenørar på Internett. Utlånarane er kem som helst som har eit kredittkort eller ein PayPal-konto. PayPal-konto treng ein elles berre når ein vel å ta ut att pengar.[4] Utlånarane les profilane på Internett og bestemmer seg for éin eller fleire entreprenørar dei ønskjer å finansiere deler av lånet til. Kiva samlar inn lånekapitalen frå desse individuelle utlånarane og overfører han til mikrofinanspartnarane sine, dei såkalla feltpartnarane, som i sin tur distribuerer pengane og administrerer låna. Etter kvart som lånet blir tilbakebetalt av entreprenøren, overfører feltpartnarane pengane tilbake til Kiva. Når lånet er heilt tilbakebetalt, kan Kiva-utlånarane trekkje tilbake kapitalen sin att eller låne han ut att til ein annan entreprenør.

PayPal tek ikkje noko gebyr for Kiva-transaksjonar.[5] Kiva distribuerer 100 % av lånet til entreprenøren. Utlånarane mottek ikkje noka rente eller annan profitt. Feltpartnaren som administrerer lånet tek rentor frå entreprenøren.

Den første framgangen

Organisasjon og arbeidslag

Sjå òg

Kjeldor

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon