Karnatisk musikk

Frå Alnakka.net
Kvinne frå Kerala spelar vina.
Den kjente karnatiske songaren K.B. Sundarambal.

Karnatisk musikk er ein sørindisk klassisk musikktradisjon som byggjer på rāgam- og tālamsystema. Karnatisk musikk skil seg frå den nordindiske klassiske hindustanimusikken blant anna ved den större vekta på samsvar mellom praksis og musikkteori og ved den mykje meir stringent strukturerte musikkteorien. Den karnatiske musikken er først og fremst av religiøs natur, med hinduistiske lovsongar som hovudsjanger. Sekulære verk inkluderer først og fremst humoristiske komposisjonar, filmmusikk eller barnesongar.

Historie

Historia ått den karnatiske musikken går tilbake til kring 2000 fvt. og til opphavet som åndelig ritual i tidleg hinduisme. Den karnatiske musikken og den nordindiske musikken utvikla seg samen frå Sama Veda-tradisjonen fram til den mongolske invasjonen av Nord-India kring begynnelsen av 1200-talet evt. Frå den tida vart utviklinga av indisk musikk splitta i to hovudgreiner, og den nordindiske musikken (både i si muslimske og hinduistiske form) kom til å bli mykje påverka av arabisk musikk.

Det er fleire teoriar om opphavet ått namnet karnāṭaka sangītam (sanskrit कर्नाटक संगीतं). Hovudteorien er, logisk nok, at det heng samen med at denna musikkforma har sitt direkte opphav i Karnataka. Andre teoriar inkluderer samenheng med sanskritord med tydingane ‘å glede øra’ og ‘tradisjonell’.

Teori

Karnatisk musikkteori kan vara vanskelig for dem som har bakgrunn i vestlig musikktradisjon å skjøne og blir ofte misforstått. Grunnen til det er at karnatisk musikk ikkje er basert på den samma oppfatninga som europeisk musikk er. Mange omgrep i europeisk musikk har ikkje liketydige omgrep i karnatisk musikk. De fleste orda frå grunnterminologien i europeisk musikk kan derfor ikkje brukast for å skildre karnatisk musikk.

Karnatiske tonar og den karnatiske skalaen er basert på to omgrep, sjruti og svara, som står i forhold til kvarandre. Karnatiske melodiar er basert på rāga, og rytmen i karnatisk musikk er basert på tāla.

Karnatiske tonar og melodiar

I motsetning til vestlig musikk har moderne karnatisk musikk ikkje kategoriar som er liketydige med tonika eller tonearten. Karnatisk musikk har berre ein grunnskala som er basert på den karnatiske tonen 'sjadjam', forkorta til 'sa' (som kan samenliknast med tonen 'C' i vestlig musikk). Skalaen har tre toneregister, som grovt sett svarar til de tre oktavane låg C, høg C, og normal C.

Sjruti, svara og svarasthāna

Sjå òg sjruti, svara

Ordet sjruti er i dag bruka i tydinga eitt av de tre toneregistra eller, meir presist, tonen 'sa' i det registret, som stemmer andre tonar i skalaen. I gammel indisk musikkteori var kvart register delt opp i 22 einheiter som òg heitte sjrutiar. Dessa sjrutiane var ikkje tonar, men berre eit mål av avstanden frå ein tone til den neste. Plasseringa til kvar tone i den gamle skalaen vart rekna i forhold til kor mange sjrutiar som kom mellom den tonen og den förre. Mange indiske musikkteoretikarar hevdar at sjruti-omgrepet berre var nyttig i gammel indisk musikk og ikkje har nånn samband med moderne karnatisk musikk, men det er ganske vanleg å bruke sjrutiar i musikkteoribøker for å skildre den moderne karnatiske skalaen òg.

De tolv karnatiske svarasthanaene
Namn Symbol Vestlig tone
Sjadjam Sa C
Suddha Risjabham Ri1 D♭
Tjathusruthi Risjabham el.
Suddha Gandharam
Ri2 /
Ga1
D
Sadharana Gandharam el.
Sjatsjruthi Rishabham
Ga2 /
Ri3
D♯
Anthara Gandharam Ga3 E
Sjuddha Madhyaman Ma1 F
Prathi Madhyamam Ma2 F♯
Pantjamam Pa G
Sjuddha Daivatham Da1 A♭
Tjathusjruthi Daivatham el.
Suddha Nisjadham
Da2 /
Ni1
A
Kaisiki Nisjadham el.
Sjatsruthi Daivatham
Ni2 /
Da3
A♯
Kākali Nisjadham Ni3 B

Den karnatiske skalaen er bygd opp av sju svaraer, som ein kan samenlikne med de sju tonane i vestlig musikk. Svaraene er kjent under namna sine og med forkortingane til namna som er bruka som solfège. Namna og forkortingane er sjadjam (sa), risjabham (ri), gāndhāram (ga), madhyamam (ma), pantjaman (pa), dhaivatam (da), og nisjādham (ni). Eit gammelt sanskritvers fortel kva svaraene sine lydar er baserte på:

षड्जं मयूरो वदति गावो ऋषभभाशिणः
अजाविकंतु गांधारं क्रौंचः क्वणति मध्यमं
पुष्पसाधारणे काले पिकः कूजति पंचमं
धैवतं हेषते वाजी निषादं बृंहते गजः

Sjadjam er påfuglen sin stemme, kyr sin tale er risjabham,
geiter mekrar gāndhāram, tranor kvitrar madhyamam.
Nattergalen syng pantjaman når blomstrane vaknar
hestar sitt knegg gjev dhaivatham, og elefantar rumlar nisjādham.

Sjølv om ordet svara kan samenliknast med tone, tyder de ikkje det samma. Ein svara omfattar mange olike tonar med bestemte lydar som ligg mellom honom og den neste svaraen. Dessa tonevariantane heiter svarasthāna. Den karnatiske skalaen har 12 svarasthānaer, som òg grovt sett svarar til de 12 tonane i den vanlege kromatiske skalaen. Som tabellen viser har kvar svara tre svarasthānaer, med unntak av sa og pa, som berre har ei form, og ma, som berre har to former (som er veldig like rein og förstørra kvart i vestlig musikk).

Namna til svaraene blir bruka i undervisinga og til utanåtlæring og sitat av melodiar og melodiformlar på liknande vis som i klassisk europeisk musikkundervising, men i mykje større grad. I tillegg blir de bruka som grunnlag for meir omfattande musikknotasjon. Namna og symbola til svarasthānaene blir berre bruka til å skildre rāgaer (sjå nedaföre). I songnotasjon blir berre namna til svaraene bruka. Ein som vil synge ein song i ein okjent rāga må slå opp rāgaskildringa for å finne ut kva for nokre svarasthānaer han brukar.

Rāgam (raga): tonalt modus

Hovudartikkel: rāga

Melakarta-rāgamar

I karnatisk musikk er sampurna-rāgamane (de med sju tonar i skalaen) klassifisert i melakarta-systemet — eit system som grupperer dem etter typane tonar de har. Det finst 72 melakarta-rāgamar. 36 har rein kvart (suddha madhyanam) som fjerdetrinn og 36 har förstørra kvart (prathi madhyanam) som fjerdetrinn. Rāgamane er vidare klassifisert i gruppor med 6 rāgamar i kvar som blir kalla tjakraer (‘hjul’ — sjølv om de konvensjonelt blir attgjevne som sektorar) basert på andre og tredje trinnet i skalaen.

Hierarki

Det høgste nivået i rāgam-hierarkiet er melakarta, ettersom melakartaene har sju tonar i skalaen og brukar kvar tone éin gong i arohanam (oppgang) og éin gong i avarohanam (nedgang). Rāgamar som manglar noko trinn i skalaen (varja-rāgamar, med fem eller seks trinn i skalaen) eller som har olik opp- og nedgang (vakra-rāgamar) blir med ein samleterm kalla janya-rāgamar — eller «barnerāgamar».

I kvar rāgam er det oftast berre éin variant av kvart trinn, men i «lette» rāgamtypar som Behag er det olike trinnvariantar for arohanam (oppgang) og avarohanam (nedgang). Ein rāgam kan elles ha 5, 6 eller 7 skalatrinn i arohanam og 5, 6 eller 7 skalatrinn i avarohanam.

Rytmen i karnatisk musikk: thālam og jāthi

Mridangam er eit viktig rytmeinstrument.

På samma måten som rāgamane gjev rammeverk til melodiane i karnatisk musikk, gjev thālam (tala) rammeverk til rytmen. Tālamane er meir strukturert enn rytmen i vestlig musikk og har meir innverknad på stemninga i ein song.

Vanlige tālamar brukar tre slags takter med förskjellige lengder: kort (anudrtam), middels (drtam) og lang (laghu). Den grunnleggande eininga for å måle taktlengda i karnatisk musikk heiter aksjaram. Korttakta er eit aksjaram lang, middelstakta er to aksjaramar lang og langtakta kan vara tre, fire, fem, sju eller ni aksjaramar lang.

Karnatisk musikk har sju grunnleggande tālamar som brukar olike kombinasjonar av dessa tre taktene. Frå kvar av dessa tālamane kan ein laga fem variantar, ein for kvar av de fem lengdene som langtaktslaget kan ha. Dessa variantlengdene heiter jathi (sjå boks 2 og 3). Rytmen som er bruka i ein karnatisk song er skildra med bruk av både tālam og jathi, som «Tjatusjra Jathi Triputa Tālam». Karnatisk musikk har derför til samen 35 tālamar.

Boks 2: Karnatiske talamar   Boks 3: Karnatiske jathiar
Tālam Takter   Jathi Lengd til laghu
Dhruva lang, middels, lang, lang      
Matya lang, middels, lang   Thisra 3
Rupaka middels, lang   Tjatusra 4
Jampa lang, kort, middels   Kanta 5
Triputa lang, middels, middels   Misjra 7
Ata lang, lang, middels, middels   Sankīrna 9
Eka lang      

Musikkformer

Songtypar og språkform

Karnatiske komponistar er tradisjonelt inspirert av religiøs tilbeding og er tradisjonelt solid skolert i telugu eller sanskrit. Andre språk, som for eksepel tamil og kannada kan òg stundom bli bruka.

Komponistane har tradisjonelt inkludert ein mudra (signatur) i komposisjonane sine. For eksempel inneheld alle songar av Tyagaraja ordet Tyāgarāja, og alle songar av Muthuswami Dikshitar inneheld orda guru guha.

Kīrthanam

Karnatiske songar varierer i oppbygging og stil, men de inneheld oftast tre strofor:

  1. Pallavi (पल्लवि). Detta svarar til refreng i vestlig musikk. Pallavien er på to linor.
  2. Anupallavi (अनुपल्लवि). Andre strofa. Er òg på to linor.
  3. Tjaraṇam (चरणं). Denna siste (og lengste) strofa avrundar og konkluderer songen. Tjaraṇam låner gjerne element frå anupallavi og er oftast på tre linor.

Denna songtypen er kalla kīrthanam (sanskrit कीर्तनं kīrtanaṃ). Men detta er berre éi av fleire mulige former av kīrthanam; — nokre kīrthanam-songar, slik som «Sārasamuki sakala bhāgyadē», har ei ekstra strofe mellom anupallavi- og tjaraṇam-strofa. Denna strofa blir kalla tjiṭṭasvaram (sanskrit चिट्टस्वरं tjiṭṭasvaraṃ). Denna strofa inneheld berre melodi utan vanlege ord. Andre songar att, slik som for eksempel «Rāmatjandram bhāvayāmi», har ei ekstra strofe etter tjaraṇam. Denna strofa blir kalla madhyamakālam. Ho blir sunga rett etter tjaraṇam og i dobbelt tempo.

Andre songtypar

Andre typar songar inkluderer gītham og svarajati.

Karnatiske konsertar

Instrument

Hovudartikkel: Indiske musikkinstrument

Karnatiske konsertar blir vanlegvis framført av ei lita gruppe musikarar. De treng ikkje å ha øvd samen tidlegare; mange konsertar er faktisk første gongen de olike musikarane treffer kvarandre.

I gruppa finn ein vanlegvis ein songar, eit hovudinstrument og ein som spelar tromme, nemnt i rekkefølgje etter kor viktige de er. Hovudinstrumentet er ofte strengeinstrument som ein vīṇam eller ein karnatisk fiolin, men blåseinstrument som ei bambusflöyte kan òg brukast. Perkusjonsinstrument, som mridangam og ghatam, blir bruka for å hjölpe songaren å følgje rytmen, men de kan òg improvisere åleine.

At songaren er viktigast, viser tilbake til den karnatiske musikken sine røter i Samaveda. Om ein spelar melodien på eit instrument, utfører ein berre ei instrumental tolking av den viktige songen. Likevel har reine instrumentalkonsertar vorte populære i nyare tid.

Innhald

Konsertar startar mesta allveg med ein song til Ganapathi, guden for gode begynnelsar og som fjernar hindringar. Vināyakā ninnuvinā brōtjuḍaku, vātāpi gaṇapatiṁ og gam gaṇapatē er nokre av de mange songane som blir bruka til detta.

I midtdelen har ein ei rekkje komposisjonar, gjerne med olike kjenslor som svarar mot kvarandre. Ein syng gjerne ein rāgam före kvar av dessa komposisjonane og kalpanāsvaram etterpå.

Ein avsluttar med ein lystig song, tillana, og deretter ein mangaḷam, ein song med gode ønskje.

Karnatisk musikkundervisning

Tradisjonelt kjem ein som studerer karnatisk musikk heim til læraren sin for å få undervisning. Lærar og elev sitt overfor kvarandre på ei matte på golvet. Læraren gjev rytmen ved å spela på ein tambūrā eller skru på ein sjrutiboks. Eleven syng ein langtrukken “Sā...Pā...Sā (høg oktav)...Pā...Sā...” og timen tek til.

I moderne tid har ein fått andre måtar å halde timar på. Det er no vanleg med undervisning over telefonen, gjenom e-post eller ved å bruke webkamera.

Musikknotasjon

Historisk oversyn

I motsetning til kva mange trur, så er ikkje notasjon eit nytt konsept i indisk musikk. Endatil Vēdaene, sjølv om de hovudsakleg var munnlig traderte, var skrevne med enkel notasjon av intonasjonen. Idéen om musikalsk notasjon i karnatisk musikk vart likevel ikkje godt motteken, og karnatisk musikk var framleis muntlig tradert i fleire århundre. Bakdelen med detta systemet var at om ein ville lære ein kīrtanam av, for eksempel, Purandara Dasa, så laut ein finne Purandara Dasas students students ... students student — om nånn slik framleis fanst!

Skriftlig notasjon av karnatisk musikk vart atteroppliva på seint 1600-tal, under styret til Shahaji II i Tanjore. Avskrifter av musikkmanuskripta til Shahaji finst framleis i Saraswati Mahal-biblioteket i Tanjore, og de gjev oss eit inntrykk av musikken og musikkstrukturen. De inneheld hovudsakleg korte rekkjor av solfège til bruk for oppføring av de nemnte rāgamane.

Ein moderne notasjonsmåte

Alfabet Skalatrinn
  1 2 3 4 5 6 7
Devanagari: रि नि
Telugu: రి ని
Tamil: ரி நி
Kannada: ರಿ ನಿ
Malayalam: രി നി
Latinsk: s r g m p d n

Melodi

I motsetning til vestlig musikk, så blir karnatisk musikk notert mesta utelukkande i solfège — sjølv om talrike forsøk har vorte gjort på å transkribere musikken med vestlig femlinors musikknotasjon. I de meir nöyaktige formene av karnatisk notasjon finst det symbol over notane som viser kossen notane skal syngast. Detta meir omstendelige systemet blir oftast sett bort frå i meir oformelle samenhengar.

För å vise lengda av ein note kan fleire metodar bli bruka. Om noten blir sungen dobbelt så lenge som referanseverdien, blir notebokstaven enten skreven som versal (stor bokstav — bruka ved notasjon i det latinske alfabetet) eller lengd med eit diakritisk tekn (ved notasjon i indiske skriftsystem). Ved tredobbel notelengd legg ein til eit komma etter teknet for den doble verdien. Firedobbel lengd blir markert som dobbel lengd etterfølgt av eit semikolon. På detta viset kan alle notelengder bli notert med ein serie av komma og semikolon.

I nyare tid har ein annan, lettare metode komme i bruk. Denna metoden ser bort frå diakritiske tekn, store bokstavar og semikolon, men markerer all lengd med eitt komma per ekstra lengdeeining. Dermed vil for eksempel ein med ei lengd på fire einingar bli notert som «S , , , ».

Rytme

Notasjonen er inndelt i kolonnor ut frå strukturen av tālamen. Skiljet mellom ein laghu og ein dhṛtaṃ er vist ved ein । (ein såkalla «ḍaṇḍā»), og samma skiljet blir bruka mellom to dhṛtaṃar eller ein dhṛtaṃ og ein anudhṛtaṃ. Slutten av ein syklus blir markert med ein ॥. Detta teknet blir kalla ein dobbel ḍaṇḍā og ser ut som ein cesur.

Viktige komponistar

Den første store komponisten

De tre klassikarane

Andre viktige komponistar

Kjente utøvarar

Songarar

Mannlige songarar

Kvinnelige songarar

Instrumentalistar

Chitravina (gotuvadam)

Karnatisk fiolin

Moderne vestlige instrument

Hør eksempel

Mal:Hør



GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Karnatisk musikk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.