Karma

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 02:02 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{SOm}}» til «Som»)

Karma (sanskrit: कर्म, frå rota kri, ‘å gjera’, ‘gjerning’) er eit omgrep i fleire austlige religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma verkar inn på framtidige hendelsar og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma tidlegare og framtidige liv òg.

Karma står sentralt i hinduismen, sikhismen, buddhismen og djainismen. Alle levande vesen har ansvar for sin karma og for si frelse eller frigjering frå saṁsāra. Som omgrep kan karma sporast tilbake til dei tidlege Upanisjadane. Ein tidleg og dramatisk illustrasjon av karma finn vi i det hinduistiske verket Mahābhārata. Idéen om karma vart popularisert i Vesten gjenom arbeidet til Det teosofiske selskapet og er vanleg i New Age-religionar.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Karma» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.