Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940)
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.
Esnogaen tok over för den gamle esnogaen i Zweite Marktstraße, som vart selt i 1934. Menigheita kom til å eksistere fram til 1940. På 2. Konferenz des Weltbundes der sefardischen Gemeinden i mai 1938 la menigheita fram planer om å flytte heile den sefardiske menigheita til ein eigna koloni ein annan stad i verda. Det vart dessverre ikkje noko av, og dei fleste attvarande sefardiske jødane i Tyskland vart deportert til dødsleirane...
Esnogaen vart omgjort til privatbustad att og står framleis.
Kjeldor
«Esnoga der Portugiesisch-Jüdischen Gemeinde "Bet Jisrael" (DE)»