Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940)

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 25. mars 2020 kl. 23:39 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>'''Kahal Kados Bet Israel''' i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. ma…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.

Esnogaen tok over för den gamle esnogaen i Zweite Marktstraße, som vart selt i 1934. Menigheita kom til å eksistere fram til 1940. På 2. Konferenz des Weltbundes der sefardischen Gemeinden i mai 1938 la menigheita fram planer om å flytte heile den sefardiske menigheita til ein eigna koloni ein annan stad i verda. Det vart dessverre ikkje noko av, og dei fleste attvarande sefardiske jødane i Tyskland vart deportert til dødsleirane...

Esnogaen vart omgjort til privatbustad att og står framleis.

Kjeldor

«Esnoga der Portugiesisch-Jüdischen Gemeinde "Bet Jisrael" (DE)»