Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1652-1842)

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 13:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{haldit}}» til «halde»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

53.5492266° N 9.9880647° Ø

Kahal Kados Bet Israel i Hamborg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K”K Talmud Tora, K”K Keter Tora og K”K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K”K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamborgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.

Tradisjonell musikk frå Hamborg-esnogaen: «Halél de Segundo Día de Pascua» (utg. 1838).