Just Knud Qvigstad

Frå Alnakka.net

Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!

Just Knud Qvigstad vart fødd på Lyngseidet måndag den 4. april 1853. Han tok examen artium som 16-åring ved Tromsø Latinskole og vart immatrikulert til filologiske studium ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Kristiania i 1869. Han tok to embetseksamenar. Først vart han cand.philol. i språk og historie i 1874, så cand.teol. i 1881. Samtidig som han studerte teologi var han lærar ved real- og latinskular i Kristiania og Tromsø frå 1874 til 1878, og frå 1878 var han lærar i samisk ved Tromsø Seminarium.

Forskinga hans Just Knud Qvigstad begynte med ein studietur til Kautokeino i 1878, men det vitskaplege engasjementet låg nede ei stund på grunn av skulearbeid og politikk. I 1883 vart han bestyrar for lærarseminaret. Tittelen vart endra til overlærar da seminaret vart omdøypt til Tromsø Lærerskole i 1902. Qvigstad hadde fleire kommunale verv og skjøtta fleire offentlege oppgåvor. Han virka blant anna som bystyremedlem for Høgre i 1899–1907 og var ordførar i Tromsø kommune i 1899, 1903 og 1907. I perioden 1910–12 fungerte han som kirkje- og undervisningsminister i Norge.

I 1920 vart Qvigstad statsstipendiat, med full løn som fristilt rektor frå lærarskulen for å vie seg til studium av samisk kultur og historie, og for å fortsette den lingvistiske forskninga si innafor finsk, kvensk og samisk. Arbeidet med ord og uttrykk resulterte i større tekstsamlingar òg. Mykje av dette stoffet fikk han tilsendt frå eit nettverk av lærarkontaktar i dei nordlegaste fylka. Desse lærarane sendte inn segner og svara på spørelistor om folkemedisin og folketru. Ein av dei flittige informantane hans Qvigstad som har fått spesiell oppmerksamheit for de verdifulle samlingane sine var lærar Ole Andreas Thomassen i Porsanger.

Som styrar for Den samiske avdelinga ved Tromsø Museum (fram til 1931), lyktest det for honom Qvigstad å få samla inn over 2300 fortelingar, medan boksamlinga vart oppbygd til eit verdifullt bibliotek på rundt 2000 band.

Da Instituttet for sammenlignende kulturforskning vart oppretta, hadde Qvigstad ansvaret for det samiske fagfeltet. Dessutan var han styremedlem i Det norske samemisjonsselskapet. Ved Tromsø Museum satt han i styret frå 1884 til 1934. I 1943 vart Qvigstads gullmedalje innstifta. Han blir delt ut kvart femte år for fortjenstfulle bidrag til lappeforskinga. Elles vart han innvelt i Videnskapsakademiet i Kristiania i 1888 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondhjem i 1894.

Just Knud Qvigstad dødde i Tromsø fredag den 15. mars 1957

I forbindelse med 150-årsjubiléet för J. Qvigstad i 2003 vart Qvigstad-auditoriet ved Høgskolen i Tromsø oppkalla etter honom.

Utvelte verk

Tittelbladet til De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (1938).
  • Beiträge zur Vergleichung des verwandten Wortvorrathes der lappischen und der finnischen Sprache. Druckerei der Finnischen Litteratur-Gesellschaft. Acta Societatis Scientiarum Fennicae 12, 1881.
  • (Saman med G. Sandberg): Lappiske Eventyr og Folkesagn. Med Indledning af Moltke Moe. Kristiania 1887.
  • Lappische Sprachproben / aufgezeichnet von J. Qvigstad und G. Sandberg. Helsingissä : Suomalaisen Kirjallisuuden Seuran kirjapainossa, Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 3. 1888
  • Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania Videnskabs-Selskabs forhandlinger, 1893.
  • Lappischer Aberglaube. Etnografisk Museum. Kristiania 1920.
  • Norske Gaardsnavne, Finnmark. Bind 24. Kristiania 1924.
  • Lappische Märchen- und Sagenvarianten. FF Communications N:o 60. Helsinki 1925.
  • Lappiske eventyr og sagn I-IV. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 1927-29.
  • Lappische Heilkunde. Oslo 1932.
  • De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker, Instituttet for sammenlignende kulturforskning. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1938.
  • De lappiske appellative stedsnavn. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1944.

Litteratur om Just Knud Qvigstad

  • Festskrift til Rektor J. Qvigstad. Oslo 1928.
  • Kristian Nissen: Studia Septentrionalia V. Oslo 1953.
  • Asbjørn Nesheim: J.K. Qvigstad (1853-1957) (s. 323-338). Dag Strömbäck (red): Leading Folklorists of the North. Universitetsforlaget. Oslo 1971.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Just Knud Qvigstad» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.