Jon Olsen Mogrinden

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 01:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{skrevit}}» til «skr{{ì}}ve»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Det novarande huset i Grinda. Husa var nok enklare da han Jó Gri’nn vaks opp på plassen
Foto:Olve Utne

Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelmann og skreddar frå Kvenna (oftast skreve «Kvanne») i Stangvik i novarande Surnadal kommuneNordmør. Han var kjent som ein av dei fremste spelmennene på Nordmør i si tid.

Jon Olsen Mogrinden vart fødd utaför ekteskap i 1794 ått mora Mali Jonsdatter, som var frå husmannsplassen Grinda eller Mogrinda på Kvenna. Han kom i skreddarlære etter at han var konfirmert, og han lærte òg å spela tyskfele. Jó Gri’nn var ein svært stødig spelmann med ovanleg mjuk og fin tone, og han vart stundom samenlikna med storspelmenn som Gottfried Hans Fabian von Eppingen frå Sunndalen og Loms-Jakup.

Sist i 1820-åra bygsla han Jó plassen Gråva på Kvennalandet. Der vart sonen Ola Kvande fødd i 1834. Ola kom til å bli ein habil spelmann og vart kjent under namnet «Gråvinn»

Jó Gri’nn dødde i 1853 og vart gravlagt i ei omerkt grav med Stangvik kirkje.

Kjeldor

Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.