Jom tób

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 14:11 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Jom tób (hebr. יוֹם טוֹב; pl. jamím tobím) er eit halakhisk omgrep for ein helgdag med arbeidsforbod. Arbeidsforbodet på ein jom tób som ikkje fell på sjabbát er i dei fleste falla mildare enn arbeidsforbodet på sjabbát. (Unntaket er kippúr — sjå der.)

Kva dagar er jamím tobím?

Merk at ḥol hammongéd (romhelga av pesaḥ og sukkót ikkje blir rekna som jamím tobím. Fastedagar blir, med unntak av kippúr, ikkje rekna som jamím tobím.

Halakhót (føreskrifter) for jom tób

Eld

Medan det på sjabbát er forbode å gjera opp eld eller overføre eld i noka form, er det på jom tób tillate å overføre eld.

Elektrisitet

Matlaging

Det er tillate å koke mat for bruk på jom tób. Det er derimot ikkje tillate å laga mat for sjabbát anna enn å fortsette med det når ein alt hadde begynt med det føre jom tób. Sidan ein nokre gonger kan ha to fulle dagar med jom tób rett føre sjabbát, har skikken utvikla seg å laga to enkle matretter for sjabbát føre jom tób begynner. Ein gjer så ritualet ngerúb tabsjilín-ritualet over dessa to matrettene.

Variantar av ordet

Sefardím: Blant portugisarjødar, algirske jødar og syriske jødar er uttalen jom tób. Marokkanske jødar og osmanske sefardím seier som regel jom tóv, og dette er òg forma som blir bruka i moderne israelsk hebraisk.

Asjkenazím: På formell asjkenazisk hebraisk er uttalen jaum tauv (Tyskland), joum touv (Galicia og sentral-Polen), joim toiv (austlege Polen og Russland) eller jöim töiv (Litauen og Latvia). På jiddisch er uttalen jontev eller jontef.