Johannes Berven

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 30. mars 2020 kl. 00:44 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude><includeonly>{{thumb|Johannes Berven spelar paa fjoelfela crop.jpg|Johannes Berven spelar på fjølfela si.|Olve Utne}}</includeonly><noinclude>{{thumb|Johannes…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Johannes Berven spelar på fjølfela si.
Foto:Olve Utne

Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Berven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelmann frå Trøa under InnersetraTustna i novarande Aure kommuneNordmør.

Slekta og gardsbruket

Johannes Hilmar Gjermundsson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå samma plassen. Faren var Gjermund Gjermundsson Berven (1850–1924). Gjermund var frå Øystese i Hardanger, men kom flyttande til Nordmør som smed i förbindelse med skipsbygginga og jaktefarta som slektningen og sambygdingen frå Øystese Gjermund T. Øvrevik (1844–1920) sette i gang på Tustna. Gjermund G. Berven var det første postbodet i bygda, og frå 1900 hade han telefonstasjon òg.

Gardsbruket Trøa var opprinnelig husmannsplass, men vart sjølveigarbruk i 1850. Huset var av gammel type med bustad i sørenden og fjøs i nordenden. Huset er no ombygd, og det er bygd ny fjøs, men enno i 1970-åra stod den gamle fjøsenden av huset der. Gjermund G. Berven sette seg opp ei smie rett sørom huset, og ho står enno.

Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971.

Johannes gifta seg med Ovedie Nansy Klepp (19101986) frå BrandalSunnmør, og i 1954 fikk de ei dotter, Anne Oddlaug Berven, som no er busett på Sunnmør med familien sin.

Johannes dreiv bruket til han var over 90 år, og omtrent like lenge dreiv han både sjy og bærskog. Han dødde den 13. juli 1996, 97 år gammel.

Musikken

Musikklivet kring Solåsundet

Det vanligaste instrumentet i Solåsundet som andre plassar i Norge tidlig på 1900-talet var fela. Men fela var ikkje den einaste sorten instrument som fanst i bygda. Johannes snakka om at det fanst de som kunne spela på psalmodikon, eller salmeikó, som han sa. Det finst i alle fall to slike instrument att i bygda — eitt av dem er på Hals skolemuseum. Meir vanlig enn psalmodikon var likevel gitar, trekkspel og zither.

I omtrent kvart eit hus i Solåsundet var det fiolin, eller «tyskfɛ’l», som folk sa der, og mange kunne leite seg fram ein melodi eller to på fela når de berre tok seg tida. Men av spelmenn som kunne dra opp ein slått det gikk an å danse etter, var det vel eigentleg berre to: Ingvald Glomstad (18981988) og Johannes Berven. Men Johannes var litt meir försiktig av seg, så det vart oftast Ingvald som spela til fest.

Kva slags typar musikk bruka de så på festane? Mest gikk det på vals. Johannes förtelte at festane, slik han hugsa dem, gjerne begynte og slutta med «Kostervalsen». Og elles gikk det mykje på polka og pariser og andre sortar gammeldans. Pols var det lite av, men det kunne nok vanke einkvann polsen om spelmannen var valsøyfjording.

Fjølfela

Fjølfela sett framafrå. (Foto: Olve Utne)
Fjølfela sett frå sida. Legg merke til kor tjukke lokket og botnen er. Sargen (sida) er utsaga av éi fjøl. (Foto:
Olve Utne)

Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele. Johannes fikk noko hjölp av far sin der det trongst, og gripebrettet fikk han ein snikkar til å høvle til rett för seg.

Fjølfela hans Johannes er trulig ganske typisk för de fjølfelone som ungdommar på Nordmør og andre stader gjerne laga til eigen bruk före de fikk tak i skikkelige felor. Ho manglar bassbjelke og er elles òg noko primitiv i forma:

Sida («síå») er utsaga av eitt trestykkje; botnen («punnifjǿḷa») og lokket («oppåfjǿḷa») er laga av eit furubord som vart utskifta frå bordkledninga på huset i Trøa. Det er som nemnt ikkje bassbjelke i fela. Halsen («háḷšn») er òg laga av furu, og far hans hjölpte honom med utforminga av honom. Gripebrettet («nótbrætte») er laga av bøk. Ein snikkar hjölpte honom med å høvle ut rette kuvinga. Stolen («spælhæstn») er ein vanlig, moderne fiolinstol. Strengene er av vanlig type för de første tiåra på 1900-talet: E-strengen («kviņņtn») er ein stålstreng, a-strengen («kvartn») og d-strengen («tærsn») er av oomspunnen tarm og g-strengen er ein omspunnen tarmstreng.

Johannes bruka denna fela i mange år fram til han kjøpte ei vanlig tyskfele (fiolin). Etter detta spela han mest på den vanlige fiolinen, men da Olve Utne besøkte honom på dagen den 24. desember 1995, så tok han fram gammelfela slik at det kunne bli teke nån bilde Mal:Utav henne.

Notespel

Mestparten av livet spela Johannes berre etter øret; men i ein alder av heile 90 år lærte han seg sjølv notar! De siste åra han levde spela han ikkje så mykje — blant anna på grunn av at hørselen var ganske redusert — men han tok fram fela no og da, og da spela han gjerne etter notar frå Landstads salmebok eller ei songbok. Johannes stemte fela veldig lågt: Han stemte kvarten (den nest Mal:Ljøsaste strengen, «a-strengen») mellom ein stor sekund og ein liten ters under a'=440 Hz. Når han spela etter notar, tok han utgangspunkt i at fela var stemt f–c'–g'–d".

Repertoar

«Den trondhjemske madammen»

I 1911, da Johannes var i tolvårsalderen, kom ein båt med engelskmenn til Tustna på hjortjakt. De heldt mykje til ved Innerseterkaia. Med seg ombord hade de ein unggut som spelade trekkspel til underhaldning om kveldane, og av honom fikk Johannes lære seg valsen «Den trondhjemske madammen i raudmåla hus». Det er ovisst om detta hendte före eller etter at Johannes bygde fjølfela.

«Kostervalsen»

Eit spesielt trekk ved det lokale dansespelet slik Johannes hugsa det, var at ein skulle ha kórtte tóna — markante, rytmiske strøk med mange underdelingar. Valsar med lange tóna — mjukare strøk med mykje legato — var nok gjerne fine å høre på, men de eigna seg dårlig til dans.

Johannes var elles oppteken av at slåtte- og dansespel var förskjellig frå klassisk fiolinspel. Mange av de som spelar folkemusikk gjer det ikkje rett, meinte han — både fördi de ofte brukar feil strøk og fördi de brukar för mykje vibrato. Vibrato kan vara fint i melodía, meinte han. På spørsmål om kva han meinte med melodía, gav han først «Sæterjentens Søndag» som eksempel, og så sa han at i den musikken Arve Tellefsen brukar å spela, passar det godt å bruke vibrato.

«Vals etter Johannes Berven»

Vals etter Johannes Berven. (Nedskreven av Olve Utne søndag den 24. desember 1995)

Den valsen som no går under namnet «Vals etter Johannes Berven» og som han sjølv berre kalla ɛn vals er ein fin og melankolsk liten vals som Johannes trulig hade laga sjølv. Rytmen er typisk för dansespelet hans, med mange underdelingar på tonegjentaking — eller, som han sa det sjølv, kórtte tóna. Eit kjølig tydelig eksempel ser vi i andre og tredje takta på siste lina.

«Polka etter Johannes Berven»

Polka etter Johannes Berven (Nedskreven av Olve Utne den 20. februar 1996)

Denna polkaen er vanlig over store deler av Norge. Forma etter Johannes Berven er relativt typisk. Vi ser mange av de tonegjentakingane Johannes la vekt på å bruke i dansespel.

«Salmå-as Bærven»

«Salmå-as Bærven», ein pariserpolka etter Johannes Berven spela av Johannes Hals (Nedskreven av Olve Utne fredag den 29. desember 1995)

Johannes Hals (19121996) var flink med dreiing, og den 29. desember 1995 kom Olve Utne för å hente eit blomsterbord (ein pidestall) han hade laga, vart de sittande og prata, og etter ei stund kom Johannes Hals fram med fela og spela «Salmå-as Bærven». Johannes Berven bruka å spela denna slåtten når han var framme og spela på fest. Takta er pariser, og stemninga i slåtten er noko melankolsk — derför bruka folk å kalle denna slåtten «Salmå-as Bærven». Johannes Hals trudde ganske sikkert at Johannes Berven hade laga denna slåtten sjølv, sjølv om Johannes Berven aldri ville innrømme det... «Salmå-as Bærven» er med på den faste repertoarlista til Nordmøre spel- og dansarlag.

Kjeldor

Bøker

Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986.

Heimelsfolk