Jehudít og Holofernes

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 13:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ḥanukká

Ḥanukkilje med menoráform i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkilje

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · O, ir kleine lichtelech
Isr: Mi jemallél · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Historia om Jehudít og Holofernes finn vi i Judits bok. Den assyriske generalen Holofernes vart sendt til Jehudá (Judea) for å okkupere landet og innlemme det i Assyria. Da troppane hans beleira Betuljá, ein liten by rett ved Jerúsjalájim, kom enkja Jehudít opp med ein idé: Ho oppsøkte Holofernes og sjarmerte han slik at han inviterte henne til teltet sitt. Jehudít hadde med seg ost som ho gav honom til å eta, og da han vart tørst, gav ho honom vin til å sløkkje tørsten med. General Holofernes vart noko påsegla, og somna der han låg. Da tok Jehudít sverdet hans og kappa haudet av honom. Da assyrarane fikk høre at Jehudít hadde teke livet av generalen deras, flykta dei derifrå.

Denna hendinga fann stad fleire hundre år före makkabearopprøret, men kom i mellomalderen til å bli sett i samenheng med det. Ein utbreidd misförståelse var at Jehudít var dotter ått Jehudá Hammakkabí (Judas Makkabeus), og at Holofernes var ein syrisk representant for det hellenske regimet under Antiokhos IV.

Kor det enn heng ihop, så er det vanleg skikk blant sefardiske og mizraḥiske jødar, og delvis òg blant asjkenaziske jødar, å minnast Jehudít sitt heltemot med å servere mjølkemat under ḥanukká.