Jean-Baptiste Forqueray

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 16. mai 2020 kl. 19:21 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (10 versjonar)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Jean-Baptiste Forqueray

Jean-Baptiste Forqueray (f. 3. april 1699 i Paris, d. august 1782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike.

Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son ått gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent för de 29 stykka för gambe og generalbass som han, med unntak av tre av dem, tilskreiv far sin. De tre hadde han sjølv skreve. I advertissementa skreiv han at han hadde ansvaret för basslinja (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemmen. Stilistisk er stykka tydeleg påverka av italiensk musikk og hører heime i generasjonen til Jean-Marie Leclair (1697–1764) og Jean-Pierre Guignon (1702–1774). Moderne gambistar reknar desse Pieces de Viole som det mest virtuose repertoaret för sitt instrument. Berre Paolo Pandolfo har våga seg på å laga ei innspeling av heile verket.

Forqueray arrangerte de samma stykka för cembalo òg og gav ut den versjonen i 1749,[1] men transponerte underleg nok ikkje noko av musikken, så melodistemmen og resten av satsen ligg relativt djupt i registeret på cembaloet.

Prinsesse Anne-Henriette av Frankrike var ein av elevane til Jean-Baptiste Forqueray.

Elevane til Forqueray inkluderte Louis XV si dotter prinsesse Anne-Henriette og den framtidige kong Friedrich Wilhelm av Prøyssen. Han gifta seg to gonger: med Jeanne Nolson den 29. juli 1732 og, etter at ho dødde, med cembalisten Marie-Rose Dubois den 13. mars 1741. Han dødde i Paris i august 1782.

Fotnotar

  1. Utgjeve i nyare tid ved Colin Tilney, Paris 1970

Kjeldor


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Jean-Baptiste Forqueray from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.