Januar
|
Januar er den 1. månaden i den gregorianske kalenderen. Etter den julianske kalenderen er januar den ellevte og nest siste månaden. Namnet januar kjem frå latin ianuarius. Namneopphavet er latin ianua, 'dør'. Januar vart i den tidlegaste tida kopla til romerske gudinna Juno, men har i nyare tid vorte oftare kopla til den romerske guden Janus.
Faste merkedagar i januar
Den 1. januar er nyårsdagen etter primstaven og i generell vestlig kultur. I moderne afroamerikansk kultur er det den sjuande og siste dagen av kwanzaa.
Den 6. januar er trettandedagen etter primstaven.
Den 11. januar er det brettmess etter primstaven.
Den 13. januar er det tjuandedagen etter primstaven.
Den 17. januar er det antonsmess etter primstaven.
Den 25. januar er det pålsmess, nån plassar kalla Pål skyttar eller Pål med bogan, etter primstaven.
Den 30. januar er det martemess etter primstaven.