Jamtgeit

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 11:53 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{ö}}» til «ø»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
«Jamtgeit» i ordlista
ei jamtgeit, jamtgeita (dativ ått di jamtgeiten); fleire jamtgeiter, alle jamtgeiterne (dativ ått all(om) dei jamtgeitom)
Jamtgeit-bukkar.
Foto:Olve Utne

Jamtgeit (sv. jämtget) er ein gammel geitrase frå Jamtland og Herjedalen. Jamtgeita er den minste skandinaviske geitrasen; geiterne veg normalt 25–30 kg og bukkane veg normalt 50–60 kg. På let er jamtgeita oftast kvit; gjerne med mørk ryggål og mørk maske og føter. Dei kan òg vara brokote eller brun/viltfarga. Både geiterne og bukkane har oftast horn. Rasen er utryddingstruga. I 2007 var det registrert 387 jamtgeiter i genbanken.