Jam hammélaḥ

Frå Alnakka.net
Jam hammélaḥ i orolig vêr.
Foto:M. Disdero

Jam hammélaḥ (Mal:He. יַם הַמֶּֽלַח, ‘salthavet’) eller Daudehavet (gjenom lat. lat. frå hebr. יַם הַמָּֽוֶת /jam ham'māvet/; namnet blir òg bruka på arabisk i forma البحر الميت, /al-bahr al-mayyit/) er ein innsjø ved utløpet av Jordanelva som ligg med på lag like store deler i Israel og Jordan. Jam hammélaḥ er kjent for det salthaldige vatnet sitt og som det lågaste naturlige overflatepunktet på jorda. Israelske ekspertar har berekna saltinnhaldet til 31,5 %, noko som er ni gonger så høgt som i Middelhavet. Det høge saltinnhaldet gjer at det mesta ikkje finst liv i Jam hammélaḥ. I dag ligg overflata kring 410 m.u.h., medan den historiske normalen er 395 m.u.h.

Namn

Det finst fleire olike namn på Jam hammélaḥ:

Salthavet

Daudehavet

Asfalthavet

Andre namn

Geologi

Satellittbilete av Jam hammélaḥ frå NASA.

Geologar meiner at Jordandalen med Jordanelva, Jam Teberjá (Genesaretsjyen/Galileasjyen/Tiberiasjyen) og Jam hammélaḥ vart dana for 8 millionar år sidan etter ei forskyving i litosfæren mellom Den afrıkanske plata og Den indoaustralske plata. Förkastninga, som er 6 000 km lang, strekkjer seg frå Syria i nord gjenom Raudehavet, Eritrea, Djibouti, Etiopia, Uganda, Kenya, Rwanda, Burundi, Tanzania, Malawi og til Mosambik i sør.

Biologi

Kultur

Jødedom

Jam hammélaḥ er nemnt i sefer Beresjít (1. mosebok), kap. 18:

Jam hammélaḥ er indirekte nemnt i sefer Debarím (5. mosebok), kap. 29:

21 Og den kommande ætta, borna som veks opp etter dokker, og den frammunde som kjem frå eit land langt borte, ser de plagone som har ramma detta landet, og de sjukdommane som ADONÁI har heimsøkt det med — 22 Svovel og salt dekkjer jorda; ho er heilt oppbrent så ho ikkje kan såast og ingen ting gje frå seg, og det ikkje kan vekse gras på henne — som den gongen Sedóm og Ngamorá og Admá og Ṣebojím vart lagt øyde, de byane som ADONÁI gjorde ende på i sinnet Sitt og i Vreiden Sin — 23 Og alle nasjonane vil spørje: «Kvifor har ADONÁI fore slik ått med detta landet? Kva var det som førte til denna vreideselden?»

Jam hammélaḥ er nemnt i sefer Jehosjúang (Josvas bok), kap. 3:[1]

9 Da sa Jehosjúang ått israelsborna: «Kom og hør orda frå ADONÁI guden dokkers! Detta,» sa Jehosjúang, «skal di ha til merke på at den levande Gud er mellom dokker [...]: Paktskista ått Den som rår over all jorda skal fara före dokker ut i Jardén (Jordanelva)! Vel no ut tolv menn av israelsættene, éin utur kvar ætt. Og når kohenane som ber paktskista ått ADONÁI som rår over all jorda — når dessa stig med foten uti Jardén, da skal jardén-vatnet, det som kjem ovafrå, demmast opp så det står som ein vegg.»

Så la folket ut frå telta sine og skulle gå over Jardén, og kohenane som bar paktskista gikk före dem; og da dessa kohaním som bar paktskista var komne til Jardén — men Jardén rinn breddfull under vårskurden — da stoppa vatnet som kom ovafrå opp og vart ståande som ein vegg heilt oppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Jam Ngarabá eller Jam hammélaḥ, vart reint borte.

Så gikk folket over elva midt framföre Ngarikhá (Jeriko).

Men kohenane som bar paktskista ått ADONÁI vart ståande på törre botnen midt i Jardén medan alle israelittane gikk törrskodde over elva, til heile folket var komme vel over.

Gresk og romersk kultur

Kristendom

Islām

Moderne tid

Turisme

Fil:Dead sea newspaper.jpg
Ein turist les avisa medan han flyt på Jam hammélaḥ.

Det spesielle miljøet ved Dødehavet har gjort området til eit reisemål ikkje berre for vanlege turistar, men for helsereisor òg. Det salte vatnet kombinert med høg luftfuktigheit, varm lufttemperatur og den spesielle solstrålinga 400 meter under havoverflata gjev spesielle førutsetningar for behandling av blant anna psoriasis og andre hudsjukdommar. Dokumentasjonen for effekten av ei slik behandling er dårlig. Også norske pasientar blir sendt på kur til Jam hammélaḥ.

Miljøtrussel

Vasstanden har gått sterkt ner de siste åra, så no (2009) består Jam hammélaḥ av to heilt separate deler. Tidlegare var det ei halvøy ved Al-Lisan. No er det tört land heile vegen. Berre eit lite bekkjeløp er att og sørgjer for eit lite tilsig til den sørlige delen. I den nordlige delen er djupna opptil 400 meter, medan ho berre er fire meter i den sørlige delen.

Israel og Jordan søkjer internasjonal støtte til eit prosjekt for å berge området frå total uttørking ved å føre inn havvatn med hjölp av ei rørledning frå Raudehavet (Akababukta). Rørledninga vil bli 200 km lang og er kostnadsrekna til 800 millionar USD.

Fotnotar

  1. Omsettinga tilrettelagt frå Josva-boki : umsett fraa grunn-teksti [av Alexander Seippel]. Oslo : Det norske samlaget, 1913.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Daudehavet» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.