Jødisk fornying

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.


Jødiske retningar

ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

rekonstruksjonistisk
progressiv

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Foto:Ein kunstnarlig ALEPH-logo.

Jødisk fornying (nyn./bm. jødisk fornying; bm./da. jødisk fornyelse; sv. judisk förnyelse) eller Jewish Renewal (en.), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk rabbinsk-jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjøna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste ledarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.

Meir spesifikt viser omgrepet ‘Jewish Renewal’ til det som er på veg til å konsolidere seg som ei sjølvstendig retning av jødedommen, «the Jewish Renewal movement», som skildrar seg sjølv som «ei verdsomfattande, transdenominasjonell rørsle grunna på dei profetiske og mystiske tradisjonane i jødedommen».[1] Den primære ledaren i rørsla er rabbinar Zalman Schachter-Shalomi. Andre sentrale ledarar, lærarar og forfattarar er, i alfabetisk rekkjefølgje, rabbinarane Pam Baugh, David Cooper, Elliot Ginsberg, Lynn Gottlieb, Miles Krassen, Michael Lerner, Goldie Milgram, Marcia Prager, Shohama Wiener og Arthur Waskow.

Jewish Renewal-rørsla brukar blant anna kabbalistisk og ḥasidisk teori og praksis i eit ikkje-ortodokst, egalitært rammeverk. Rørsla tek til seg venstreorienterte trekk som feminisme, miljøvern og pasifisme og utvidar den tradisjonelle jødiske gudstjenesta med ekstatiske element som meditasjon, chanting og dans. Som del av arbeidet for å utvide det jødiske ritualet låner Renewal-medlemmar fritt og ope frå buddhisme, sufisme, indianske religionar og andre religionar. Dette fenomenet er kjent i religionsvitskapen som «synkretisme». Mange jødar utaför Renewal-rørsla ser religiøs synkretisme som oföreinlig med jødedommen.

Historie

Jewish Renewal i si vidare meining har opphavet sitt i dei nordamerikanske motkulturelle trendane kring slutten av 1960-åra og først i 1970-åra. På den tida grunnla gruppor av unge rabbinarar, akademikarar og politiske aktivistar eksperimentelle ḥaburót (sg. ḥaburá, ‘kameratskap’, ‘felagskap’) for bøn og studium som ein reaksjon mot det dei oppfatta som det overinstitusjonaliserte og ikkjeåndelige nordamerikanske jødiske etablissementet.

I den første tida var hovudinspirasjonen dei pietistiske felagskapa ått farisearane og andre tidlege jødiske sekter.

Ein annan trend i denne første tida var at somme av desse gruppone, som for eksempel gruppa Havurat Shalom i bostonområdet, prøvde å verke som fullverdige landlige kollektiv etter förebilde av sekulære kollektiv. Andre oppretta kollektiv-inspirerte lokalsamfunn innaför det jødiske by- og forstadsetablissementet. Mellom grunnleggarane av desse ḥaburót kan nemnast den venstreorienterte politiske aktivisten Arthur Waskow, og òg Michael Strassfeld (som seinare vart rabbinar for ei konservativ menigheit og seinare att vart tilsett ved ei större rekonstruksjonistisk menigheit). Sjølv om ledarverva og dei rituelle privilegia i begynnelsen var utelukkande for menn, i tråd med vanleg praksis i ortodoks jødedom, kom «den andre bølgja» av amerikansk feminisme snart til å føre til full integrering av kvinnor i desse samfunna.

Anna enn nån artiklar i Response og andre jødiske studenttidsskrift fikk de tidlege ḥaburót lite oppmerksamheit i det nordamerikanske jødiske samfunnet. I 1973 kom så det første bandet av Sharon og Michael Strassfeld si bok The Jewish Catalog : a Do-It-Yourself Kit. Denna boka, som var utforma etter inspirasjon frå den da nylig utgjevne motkulturelle katalogen Whole Earth Catalog, fungerte både som eit grunnleggande referanseverk for jødedom og amerikansk jødisk liv og som eit lettliva kompendium for jødisk husflid, oppskrifter, meditasjonspraksis og idéar til politisk aktivisme — alt dette retta mot frammundgjorte jødiske unge vaksne. The Jewish Catalog vart ei av de bestselande bøkerne i amerikansk jødisk historie opp til si tid og vart følgt opp med to nye band. Ei mykje meir vidspreidd ḥaburárørsle vaks snart fram — inkludert sjølvstyrte ḥaburót innaför reformjødiske, konservative og rekonstruksjonistiske synagogar.

Kring 1980 hadde eit aukande tal ḥaburót utvikla seg bort frå den strengt tradisjonelle jødiske gudstjenesteforma etter som medlemmane la til engelske høgtlesingar og chanting, dikt frå andre åndelige tradisjonar, slaginstrument og alt i alt eit meir oformelt forhold til gudstjenesta.

Zalman Schachter-Shalomi, som på den tida budde i Winnipeg og seinare flytta til Philadelphia i Pennsylvania, er ein rabbinar med utdaning frå ḥasidisk jødedom. I 1960-åra braut han med ortodoks jødedom, og han og kollegaer som f.eks. Arthur Waskow grunnla felagskapet B’nai Or Fellowship (no kjent under namnet ALEPH), som verka som ein laus paraplyorganisasjon for likesinna ḥaburót. I 1979 grunnla Waskow B’nai Or-tidsskriftet New Menorah, og det var i detta tidsskriftet han lanserte omgrepet ‘Jewish Renewal’.

Schachter-Shalomi var sterkt påverka av sufisme (sufi-islam) og buddhisme, og han har endatil omsett nån av bønene derifrå til hebraisk. Han har òg fokusert meir på urban berekraftig livsførsel enn på landlig kultur, og han har blant anna föreslege samband mellom kjellarane i urbane nabolag som ville kunna verke som fellesrom til bruk under høgtider samtidig som privatlivet det verdslige livet har ført med seg kunne bli behalde. Somme av idéane hans har hatt innflytelse på det sekulære fagområdet urban samfunnsøkonomi.

Det sterkare samhaldet og fokuset som B’nai Or / ALEPH og bladet New Menorah førte med seg førte etterkvart til at Jewish Renewal spreidde seg til store deler av USA og, sist på 1900-talet, òg til Canada, Latinamerika, Europa og Israel. På det leitet var grunnramma i institusjonaliseringa alt på plass i form av det administrative Network of Jewish Renewal Communities, den internasjonale rabbinske fagorganisasjonen OHaLaH og det stadig meir formaliserte ALEPH Rabbinic Program — eit desentralisert rabbinarseminar som i dag er godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer ledarane av alle de större nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane.

Jewish Renewal og det jødiske samfunnet

Innflytelse på ikkje-ortodoks jødedom

Nånn statistikk over talet jødar som reknar seg som «Renewal» finst ikkje. Likevel er det tydelig at rørsla har hatt vesentlig innflytelse på de fleste andre greinene av jødedommen, særlig i USA. Den truleg sterkaste innflytelsen har funne stad i den rekonstruksjonistiske jødedommen, sjølv om denna retninga begynte som ei erklært rasjonalistisk og intellektuell rørsle. Under innflytelse frå Renewal-orienterte rabbinarar og lekledarar har den rekonstruksjonistiske rørsla i de siste åra komme til å ta til seg mange element av jødisk mystikk, både i symbolbruk og praksis. Dette er særlig tydelig i den nye serien av bønebøker som kom ut i USA frå 1990-åra av.

Tekn på Renewal-innflytelse viser seg òg i andre retningar av jødedommen; det er for eksempel ikkje ovanleg at reformjødiske og konservative menigheiter held workshops i jødisk meditasjon og olike judaiserte former av yoga. Den av mange, særlig blant ortodokse jødar, kontroversielle trenden i retning fleire mot ledarskaps- og rituelle privilegium for kvinnor og homofile har mykje av sitt opphav i den venstreorienterte politiske aktivismen i de ḥaburót som forma kjernen i Renewal-rørsla.

Kritikk frå andre jødiske retningar

Kritikarar av Jewish Renewal-rørsla hevdar at rørsla vektlegg personlig åndelig opplevelse og subjektivt syn til skade for samfunnsnormar og jødisk teksttradisjon. Den tidlegare nemnte formaliseringa av ALEPH Rabbinic Program kan sjåast som eit svar på denna kritikken. Mange er òg oeinige med det de meiner er ei opassande stor innlåning av element frå ikkje-jødiske tradisjonar og religionar. Dessa meiner at så store mengder av ikkje-jødiske praksisar og idéar har vorte innlånt at Renewal-rørsla er hamna heilt utaför grensone ått jødedommen. De held på at akkurat som jødar ikkje kan ta til seg kristne trusprinsipp og handlingar og framleis rekne seg som utøvarar av jødisk religion, så kan ein ikkje ta til seg buddhistiske, sufi-muslimske og polyteistiske trusprisipp og handlingar og framleis rekne seg som ein del av jødedommen.

Jewish Renewal-rørsla seier på si side at jødedommen i lang tid har teke til seg element utanfrå — for eksempel frå kenaˤanittisk, babylonsk, gresk og muslimsk kultur utan at jødedommen sin integritet har lide nånn skade.

Andre, inkludert ein del medlemmar av rørsla, hevdar at rørsla har hatt betre hell med å förmidle enkelte ekstatiske toppar under gudstjenestor og åndelige «retreats» enn med å fremme eit dagligliv med religiøst innhald.

Interne spenningar

Innaför Renewal-rørsla har det vist seg ein del spenning mellom dem som företrekkjer å fokusere på ein venstreorientert politisk aktivisme i samband med amerikanske, midtaust- og globale spørsmål på den eine sida og de som företrekkjer å legge hovudvekta på meditasjon, tekststudium og gudstjeneste på den andre sida. Dessa motsetningane, samen med utfordringane som ligg i rekruttering og utdaning av framtidige ledarar, er de hovudutfordringane Jewish Renewal står overför som organisasjon på begynnelsen av 2000-talet.

Kjeldor

Pekarar

Utdaning

  • The ALEPH Rabbinic Studies Program - “The ALEPH Rabbinic Program is a non-denominational, highly decentralized program of learning which offers structured guidance and mentorship in pursuing the rigorous studies and practica which can culminate in rabbinic ordination. [...] The Rabbinic Program is now joined by the new Cantorial Program which accepted a class of 4 to begin the 2001-2002 academic year, and the Rabbinic Pastor Program, which prepares Jewish Rabbinic Pastors to provide spiritual direction, support, and counseling in chaplaincy and congregational settings, which will open for registration Spring, 2002. [...] The ALEPH Rabbinic Program is open to students of diverse backgrounds and from every denomination, either as a supplement to their current or completed studies in another rabbinical seminary, or as their primary location for preparation for an active rabbinate.”

Menigheiter

Sefardiske menigheiter

Ingen kjente menigheiter enno.

Asjkenaziske menigheiter

  • Havurah Har Kodesh Montreal (Montréal, Québec, Canada) - “Havurah Har Kodesh Montreal was founded in September 1988 by a group of 10 individuals who, while exposed to various areas of spirituality in the past, still recognized the need to interpret spiritual practices within a Jewish context. Rabbi Sara Lea (Ayla) Grafstein (rabbi@ruach.org), then of Toronto, was the individual who gave shape to the creation of Har Kodesh. Har Kodesh follows the spiritual, religious practices associated with the Jewish Renewal Movement founded by Rabbi Zalman Shachter-Shalomi.”


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon