Ivar Aasen: «Heimvegen»
Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 02:42 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<p style="font-size:24pt;font-weight:bold;text-align:center;line-height:28pt">«Heimvegen»<br /><span style="font-size:15pt;font-style:italic">''av Ivar Aasen''</span><…»)
«Heimvegen»
av Ivar Aasen
- I heimen der hyggjer seg barnet best,
til heimen vil ungdomen stunda,
og mannen, som sviver i aust og vest,
vil helder på heimferdi skunda.
Um landet var bratt og steinutt og svadt,
og mødor i vegen var manga,
på heimvegen gjekk det då helder radt
og milerna vardt inkje langa.
- Mauren kryp aldri so vidt i kring,
han leitar ei uppatter tuva,
og mannen løyp ikkje so lang ein sving,
han lengtar ei heim til si gruva.
Um og han var glad i framande stad,
so vil ikkje hugen seg festa.
Og heimen med haugar og stein og svad
han verder då kjærast’ at gjesta.
- Ja heima der baka dei braudet best,
og vænaste klippa dei klædi,
der hava dei klangen i målet mest,
og vænaste kvædi dei kvædi.
Der ser du ein dag med ljosare lag
og skog med eit mildare skygge;
og råmar so sorgi deg der med eit slag,
so finner du endå eit hygge.
Ordforklaringar
- svad (sva), nøgen klippegrund, bjergskraaning.
- svad, svadt. glat, slibrig.
- gruva, arne, (grue).
Kjeldor
Pauss, B. & Lassen, H.: Læsebog i modersmaalet. Den mindre udgave. Sjette bind. Tredje oplag. Kristiania (Th. Steen & Alb. Cammermeyers Forlag), 1896.