Ivar Aasen: «Nøgje»
Frå Alnakka.net
«Nøgje»
av Ivar Aasen
- Dei segja no, verdi skal vera so vond,
og sant nog det ofta kann finnast;
men vistnog me sågo ei fagnadfull stund
langt oftar’, en sjølve me minnast.
Me tenkja for kort og venta for stort,
og difyre kjenna me ofta skort.
- Um endå i heimen er trældom og tvang
og folk, som for store vil vera,
um sanning og rett verder heft i sin gang
og småfolk få skjemder at bera,
so sjå me då tidt, det teiknar sig blidt,
at umbot vil koma, der alt var for stridt.
- Høgt upp yver alle dei herrarne små
er ein med eit sterkare rike;
han læter sitt ljos og sin varme bå
til fåtøke folk som til rike.
Han giv utan skil, når timen er til;
han giv sine gåvor til kven, han vil.
- Dei arme fekk ofta ein rikdom i barm,
ein skatt i sitt mod og sitt lynde;
dei ganga med von gjenom saknad og harm
og finna seg hugnad og ynde,
dei fara fram stilt og taka det mildt
og lindra og lækja, der nokot er ilt.
- Rundt um er ein heim, som av fagnad er full.
Sjå alla dei liv, som der liva,
og soli, som strår yver doggi sit gull,
og blomen, som opnar si skiva.
Um vel du vil sjå på berre eit strå,
du kann ikkje meir en at undrast derpå.
- Men den, som gav liv i so rikelegt tal,
og kraft, som vel ingen kann tyda,
han hever vel endå ein romare sal
med endå ei rikare pryda.
D’er litet, me sjå, og litet me nå
mot alt, som i vonom der vera må.
Ordforklaringar
- nøgje, hvad der strækker til.
- fagnad, glæde.
- skort, mangel.
- skjemd, beskjæmmelse.
- umbot, forbedring.
- lynde, sindelag.
- hugnad, glæde.
- ynde, fornøielse.
Kjeldor
Pauss, B. & Lassen, H.: Læsebog i modersmaalet. Den mindre udgave. Sjette bind. Tredje oplag. Kristiania (Th. Steen & Alb. Cammermeyers Forlag), 1896.