Ivar Aasen: «Livet»
Frå Alnakka.net
«Livet»
av Ivar Aasen
- Heimen er både vond og god,
det skifter med sut og gaman.
Hæv er den, som med same mod
kann taka mot alt tilsaman.
- Vegen ligger jo ymist til
med staup og store krokar.
Ein kjemer der, som ein inkje vil,
og fram i mange flokar.
- Sveinen stemmer i vegen radt
med stora voner i barmen;
han møter ymist ein bakke bratt,
han møter stundom harmen.
- Um ei stund han fær ein stur,
det hever sit gamle gjenge:
Gleda gløymest, fyrr du trur;
men sorgerna sitja lenge.
- Kjem han sturen i verdi ut,
so fær han liten fagnad;
ho snur seg burt ifrå all sut;
so klagar han på sin lagnad.
- Han lastar verdi, som er so snar
frå sorg til leik at venda.
Han gløymer lett, at det same var
hans eigen hug, kann henda.
- Strenge dagar må koma på;
men eter koma dei milde.
Den største hugnad me stundom få,
der minst me vona vilde.
- Lauvet fell um hausten av,
um våren atter det spretter.
Dauden herjar um land og hav;
men livet kjem altid etter.
- Stormen sopar i skogom hardt,
so tre og kvister brotna;
men grønne kvister vil renna snart
av rotom til deim, som rotna.
- Kjært er livet med all sin harm;
det klårnar, alt som det gjenger.
Men endå treng eg ei von i barm
um eitt, som varer lenger.
Ordforklaringar
- hæv, flink, dygtig.
- ymist, vekslende.
- floke, forvikling, vanskelighed.
- von, forventning, haab.
- harm, sorg.
- stur, sørgmodighed.
- fagnad, glæde.
- sut, sorg.
- lagnad, skjæbne.
- brotna, briste.
Kjeldor
Pauss, B. & Lassen, H.: Læsebog i modersmaalet. Den mindre udgave. Sjette bind. Tredje oplag. Kristiania (Th. Steen & Alb. Cammermeyers Forlag), 1896.