Ivar Aasen: «Heimvegen»

Frå Alnakka.net

«Heimvegen»
av Ivar Aasen

  1. I heimen der hyggjer seg barnet best,
    til heimen vil ungdomen stunda,
    og mannen, som sviver i aust og vest,
    vil helder på heimferdi skunda.
    Um landet var bratt og steinutt og svadt,
    og mødor i vegen var manga,
    på heimvegen gjekk det då helder radt
    og milerna vardt inkje langa.
     
  2. Mauren kryp aldri so vidt i kring,
    han leitar ei uppatter tuva,
    og mannen løyp ikkje so lang ein sving,
    han lengtar ei heim til si gruva.
    Um og han var glad i framande stad,
    so vil ikkje hugen seg festa.
    Og heimen med haugar og stein og svad
    han verder då kjærast’ at gjesta.
     
  3. Ja heima der baka dei braudet best,
    og vænaste klippa dei klædi,
    der hava dei klangen i målet mest,
    og vænaste kvædi dei kvædi.
    Der ser du ein dag med ljosare lag
    og skog med eit mildare skygge;
    og råmar so sorgi deg der med eit slag,
    so finner du endå eit hygge.
     

Ordforklaringar

  • svad (sva), nøgen klippegrund, bjergskraaning.
  • svad, svadt. glat, slibrig.
  • gruva, arne, (grue).

Kjeldor

Pauss, B. & Lassen, H.: Læsebog i modersmaalet. Den mindre udgave. Sjette bind. Tredje oplag. Kristiania (Th. Steen & Alb. Cammermeyers Forlag), 1896.