Islandshøns

Frå Alnakka.net
Islandshøne på Solskjelsøya.
Olve Utne (2015)

Islandshøns eller landnåmshøns (islandsk (íslensk) landnámshæna) er ein hønsrase frå Island. Landnåmsfolket frå Norge hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønone har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønone er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønone er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er roleg. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Massiv import av kommersielle hønsrasar kring 1950-åra førte til at islandshønone mesta forsvann, men frå 1970-åra og utover har det vore dreve aktivt bevaringsarbeid, og det finst nån få tusen reinrasa islandshøns i dag.

Bildegalleri

Kjeldor

Pekarar