Islandsgeit

Frå Alnakka.net
«Islandsgeit» i ordlista
ei islandsgeit, islandsgeita (dativ ått di islandsgeiten); fleire islandsgeiter, alle islandsgeiterne (dativ ått all(om) dei islandsgeitom)
Islandsgeiter.
Foto: Magga Dóra

Islandsgeit (islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geitrasen på Island. Ein trur at geiterne er okryssa etterkommarar etter dei geiterne som landnåmsmennerne tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).

Utsjånad

Islandsgeiterne er relativt små, med ei vekt på kring 35–50 kg for geiter og 60–75 kg for bukkar. Fødselsvekta er kring 2–3 kg. Dei fleste bukkane og geiterne har horn, men det finst òg ein del kolla individ av begge kjøn. Kring 20 % av dyra er kvite, resten har ymse fargetypar. Ragget beatår av lange dekkhår med fin kasjmirull til underull.

Geiterne gjev kring 1 l mjølk om sommaren og ner mot 0,5 l utpå hausten.

Pekarar