Invensjon

Frå Alnakka.net
For det moderne uttrykket «trestemmige invensjonar», sjå Sinfonia.

1.–2. takt av invensjon nr. 1 i C-dur, BWV 772, av J.S. Bach. Merk imitasjonen i oktavavstand.

Ein invensjon er ein kort komposisjon (oftast for eit tangentinstrument) med tostemmig kontrapunkt. Dei mest kjente invensjonane er de femten invensjonane som utgjer første halvparten av J.S. Bach sine Invensjonar og sinfoniaer. Invensjonar har tradisjonelt oftast ikkje vorte oppført på konsertar, men har hovudsakleg fungert som etydar for tangentelevar og som pedagogiske øvelsar for komposisjonsstudentar.

Form

Invensjonar liknar fugar i stil, men dei er generelt enklare oppbygd. Dei inneheld ein eksposisjon, ein lengre gjenomføringsdel og — oftast, men ikkje alltid — ein kort reprisedel. Hovudforskjellen er at invensjonar, i motsetning til fugar, ikkje inneheld comes (musikalsk svar) til det innleiande temaet på dominantplanet.

Eksposisjon

I eksposisjonen blir eit kort motiv introdusert av ei stemme i tonika. Dét blir kalla tema. Temaet blir så introdusert i den andre stemma, der òg i tonika, medan den første stemmen enten inneheld eit kontrasubjekt eller spinn vidare i fritt kontrapunkt.

Gjenomføringsdel

Gjenomføringsdelen utgjer hovuddelen av satsen. Her skriv komponisten oftast i fritt kontrapunkt og utviklar temaet ved å skrive melodiske og/eller harmoniske variasjonar i kombinasjon med meir eller mindre fri vidarespinning.

Melodiske variasjonsteknikkar inkluderer:

  • Augmentasjon – spela temaet med lengre noteverdiar.
  • Diminusjon – spela temaet med kortare noteverdiar.
  • Spegel – spela temaet opp-ned.
  • Kreps – spela temaet baklengs.

Gjenomføringsdelen i ein invensjon skil seg ut frå fugen ved at fugegjenomføringsdelen så å seie alltid inneheld fleire tydeleg inndelte gjenomføringar der temaet blir behandla kontrapunktisk med olike variasjonsteknikkar, medan invensjonen er friare i forma.

Reprise

Om ein invensjon inneheld nån reprisedel, så er han oftast svært kort — nån gonger berre to eller fire takter. Komponisten repeterer temaet — gjerne i overstemma —, og satsen sluttar. Repetisjonen av temaet inneheld liten eller ingen variasjon frå det originale temaet. I understemma blir gjerne det faste kontrapunktet spela i enkle invensjonar — og om det ikkje er noko fast kontrapunkt, inneheld understemmen fritt kontrapunkt.

Historie

Invensjonar som form vart hovudsakleg utvikla av Johann Sebastian Bach. Invensjonar har opphav i kontrapunktiske improvisasjonar i Italia, særleg i komponisten Francesco Antonio Bonporti si form. Bach endra og la til rette forma til det vi i dag reknar som ein formell invensjon. Bach skreiv femten invensjonar (BWV 772–786) som etydar for sonen Wilhelm Friedemann Bach. Seinare skreiv J.S. Bach eit sett på femten (tostemmige) invensjonar og 13 (trestemmige) sinfoniaer (BWV 787–801).

Lytteeksempel:
“Invensjon nr. 1 i g-moll” av Olve Utne —
eit studentarbeid frå 1980-åra.

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Invention (musical form) from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.