Innføring i HTML

Frå Alnakka.net

Detta er ei enkel innføring i HTML-koding for den som vil skrive sine eigne html-dokument frå botnen av. Ein kan bruke gratisprogram som Lær tekst / Teach Text / Enkel Tekst for Macintosh og Notepad / Word Pad for Microsoft Windows. Det er sjølvsagt litt meir tungvint å skrive koden sjølv enn å bruke grafiske redigeringsprogram som Netscape Composer, Microsoft FrontPage, HoTMetaL og liknande, men:

  • det er heilt gratis;
  • det gjev deg mykje meir kontroll over kossen du vil at sidone dine skal sjå ut;
  • det gjev deg mykje meir kompakte (og dermed raskt nedlastbare) dokument;
  • og du kan laga dokumenta på absolutt kva som helst slags datamaskin (inkludert Macintosh Plus, IBM 8088, Commodore 64...), så lenge du kan utveksle data med ei maskin som er kopla til Internett.

Kvar skal filane plasserast?

Kossen ein lastar opp nettsidone sine til ein server kjem vi tilbake til. Det som er viktig nå ein begynner å laga nettsidor er å ha full kontroll på kossen og kvar ein lagrar ting. Det første ein gjer når ein begynner å laga nettsidor er å laga ei mappe på harddisken eller på ein diskett / ZIP-disk / minnepinne. I denna mappa skal ein berre legge filar som er ein del av nettstaden, og alle filane som skal vara ein del av nettstaden skal lagrast der. Etterkvart treng du kanskje fleire mappor, men dessa må leggast inni hovudmappa! Detta er ekstremt viktig, ettersom rot i systemet her fører med seg at sidone ikkje vil verke som de skal.

Kva skal filen heita?

Ein html-fil er ein heilt vanlig tekstfil. Det som er spesielt med filen er:

  1. Innhaldet er koda i kodespråket html.
  2. Filnamnet endar normalt på .html eller .htm.

Endinga .htm er tryggast å bruke om du arbeider med gamle datamaskinor, ettersom MS-DOS og Windows 3x ikkje les filnamn med meir enn tre tekn etter punktum.

Ein bør vara svært nøye med store og småe bokstavar. På serverar som kjører Linux/Unix/Macintosh osv. er filnamna Index.html og index.html ulike adressor, så om ein lagar ein pekar med småe bokstavar i staden for store eller omvendt, så vil ikkje serveren finne dokumentet. Detta er spesielt viktig å hugse på för den som brukar MS-DOS eller Windows, ettersom dessa operativsystema ikkje skil skikkelig mellom store og småe bokstavar, og ein til og med kan oppleva at filnamna blir endra av operativsystemet!

Linjeskift

Ein kan skrive heile html-dokumentet på éi line om ein vil — strukturen i dokumentet blir ikkje bestemt av linjeskifta i tekstfilen, men av kva för taggar ein brukar — sjå nedaför. Likevel kan det vara praktisk å skifte linje på ein logisk måte, slik at det blir lettare å orientere seg för den som skriv eller redigerer html-koden.

Viktig ord: tag

Ein tag (blir uttala om lag som tægg) er ein kode for ein html-funksjon. Vi kjenner att taggen på at han er innramma av spisse klammor, slik som <detta>. Som hovudregel kjem taggane parvis — ein har ein starttag og ein sluttag. Sluttagen er enkelt sagt lik starttagen, bortsett frå at ein har / (ein skråstrek) etter den første spisse klamma:

<html> </html>

Nån få unntak finst. Blant dem er koden för vassrett skiljelinje:

<hr>

Det er best å avslutte denna tagen òg. Da sett vi ein skråstrek sist inni tagen:

<hr/>

Ein bør helst innlede html-dokument med ein tag (enkelt-tag) som fortel kva för dokumenttype det er og kva för versjon av html ein brukar. De vanlige versjonane av html er 3.2 og 4.0, og koden kan vara meir eller mindre streng. Detta eksemplet förtel at dokumentet er eit html-dokument som inneheld html versjon 4.0 med «laus» (transitional) koding:

<!doctype html public "-//w3c//dtd html 4.0 transitional//en">

Eit enkelt strukturert html-dokument skal deretter innehalde minimum dessa kodane:

<html>
<head>
</head>
<body>
</body>
</html>

Taggen <html> og sluttaggen </html> rammar inn html-dokumentet; taggen <head> og sluttaggen </head> rammar inn ein seksjon med generell info om dokumentet; og taggen <body> og sluttaggen </body> rammar inn sjølve tekstdelen av dokumentet.

Innaför området <head> bør ein ha tagen <title> </title>. Inni denna taggen skriv ein filnamnet ein vil skal visast på topplinja over vindauget, slik:

<title>Eksempel 1</title>

För å få inn tekst i sjølve vindauget, må vi fylle inn området mellom <body> og </body>. Vi kan skrive vanlig tekst der utan å gjera noko anna, men da får vi ikkje noka anna formatering av dokumentet enn vi ville fått med å skrive på maskin:

<!doctype html public "-//w3c//dtd html 4.0 transitional//en">
<html>
<head>
  <title>Eksempel 1</title>
</head>
<body>
     Her kan vi fylle ut tekst i store mengder og skrive og skrive og skrive,
     men utan at det blir nokko slags anna formatering av teksten enn vi ville
     endt opp med med ei vanleg skrivemaskin..........
</body>
</html>

Detta blir sjåande slik ut: