Ingeborg Åsen Vatten
Ingeborg Åsen Vatten (f. 1924) er ein forfattar frå Nordmør som blant anna er kjent for Ales-trilogien.
Ingeborg Johanne Aasen vart fødd den 8. april 1924 som det yngste av de to borna ått Ildri (d. 1963) og Erik J. Aasen (1895–1961). Ildri og Erik var straumsnessingar, men de tok over Ersvikja på Tustna etter slekta hennar Ildri der i 1921. Gammelfolket hadde kår der til de dødde; Edvard H. Ersvik dødde i 1944, og Marit Iversdt. Kamsvåg dødde 102 år gammel i 1972. Mykje av handlinga i bøkerne hennar Ingeborg er inspirert av oppveksten hennar i Ersvikja. Ingeborg gifta seg med Per Vatten i Utistua under Megarden i Halsa, og de vart buande i Halsa kommune. De fikk fire søner.
Lokalhistoriske bøker
Første boka hennar Ingeborg Åsen Vatten kom ut i 1975 og heitte Under Nordmørsfjell. Denna boka er ei samling av historior, anekdotar og gamle bilde frå området kring Årsundfjorden. Oppfølgjaren Frå fjell til fjord kom ut i 1977. Kring samma tida gav ho ut to biografiske bøker, Dokter’n vår (1978; om dokter Johan Fredrik Øvrevik) og Ola Kunst (1976; om kirkjemålar og konservator Ola Seter). Det femte lokalhistoriske verket hennar var det historiske skodespelet Slaget ved Solskjel (1978), som vart oppført som friluftsteater på Solskjelsöya i samarbeid mellom Sør-Tustna barne- og ungdomsskole, Tustna skolemusikk og Teatret vårt.
Barne- og ungdomsbøker
Trolla i Tussan
Ingeborg har gjeve ut tre bøker om Trolla i Tussan:
- 1977 - Dei snille trolla i Tussan
- 1978 - Tussetrolla
- 2007 - Trolla i Tusseheimen
Ales-trilogien
Ales-trilogien er fengslande barne- og ungdomsbøker med miljøet i Ersvikja som ei av inspirasjonskjeldone:
- 1979 - Ales
- 1980 - Ales lengtar
- 1982 - Ales finn lykka