Hjelp:Skriftsnitt

Frå Alnakka.net

Om enkelte bokstavar ikkje visest rett, men er erstatta med småe firkantar, kan det tenkjast at datamaskina du brukar treng oppdatering.

Snarveg...?

Om datamaskina er di eiga, så er detta kva du treng å gjera: Installér «Arial Unicode MS» om du har denne fonten (inkludert med ein del nyare Microsoft-programvare).

  • Last ned og installér fonten Gentium.
  • Last ned, pakk opp og installér SBL Hebrew.
  • Last ned, pakk opp og installér MusiQwik

Om detta blir för kompakt, så les vidare nedafor...

Ser du firkantar ...

... i staden for bokstavar i nån av orda i den norske, engelske eller kastiljanske teksten?

Da er problemet at du ikkje har fontar (skriftsnitt, skrifttypar) som støttar de spesialtekna som er bruka her på Alnakka.net. Her er ein enkel test:

Desse tekna treng du på dei fleste sidone för å lesa vanlege ord
Skrifttekn Basistekn Skildring Lydverdi
Ṣ ṣ S s stor og liten s med prikk under enten som ein sterk og hissande S-lyd (særleg i mizraḥisk og eldre sefardisk uttale),
som TS i «vits» (asjkenazisk og moderne sefardisk uttale) eller
som vanleg S (delvis eldre vest-sefardisk uttale)
Ḥ ḥ H h stor og liten h med prikk under enten som ein kraftig H djupt i halsen (mizraḥisk og eldre sefardisk uttale) eller
som baktunge-raspelyden sist i tysk «Bach» (asjkenazisk og nyare sefardisk uttale)
Dessa tekna treng du på mange sidor för å lesa lydskrifta
Skrifttekn Basistekn Skildring Lydverdi
Ē ē E e stor og liten e med strek over anten som ein lang og lys E i ordet «fred» (sefardisk) eller
som EI i trondheimsdialekt «stein» eller svensk «Einar» (asjkenazisk)
Ğ ğ G g stor og liten g med liggjande halvmåne over enten som vanleg G (vanlegast) eller
som ein raspande GH-lyd (sefardím frå Amsterdam- og Hamborg-tradisjonane)
Ŋ ŋ NG ng samskriving av liten n og liten g som NG i austnorsk «fang» (italienske jødar, vesteuropéiske sefardím, nederlandske asjkenazím),
som den djupe halslyden først i det arabiske ordet ‘Arabiyya (nordafrikanske og mizraḥiske jødar), eller
som stum konsonant (de fleste asjkenazím og somme sefardím frå Balkan)
Š š S s stor og liten s med haka over vanlegvis som SJ i norsk «sjal», men kan òg bli uttala som vanleg S — særlig i eldre sefardisk uttale
Ṭ ṭ T t stor og liten t med prikk under oftast som vanleg T blant moderne sefardím og asjkenazím
Dessa tekna treng du för å lesa tekstane på eldre spansk og portugisisk
Skrifttekn Basistekn Skildring Lydverdi
ſ s (f) liknar på ein liten f utan tverrstrek (blir ofte bruka i gamle tekstar på europeiske språk) vanlegvis S som i norsk «vase»; mellom vokalar blir ein enkel s gjerne uttala som stemt zzz i eldre spansk
à ã A a A med nasalkrøll over som an, am eller ang
Ẽ ẽ E e E med nasalkrøll over som en, em eller eng
Ĩ ĩ I i I med nasalkrøll over som in, im eller ing
Õ õ O o O med nasalkrøll over som ån, åm eller ång
Ũ ũ U u U med nasalkrøll over som ón, um eller ung

Ser du firkantar i staden for skrifttekn i éin eller fleire av boksane i den venstre kolonnen i tabellen ovafor?

Da treng du å installere fontar (skriftsnitt, skrifttypar) som har desse tekna.

Best er det om du har fonten Arial Unicode MS installert. Denna fonten er dessverre ikkje tilgjengeleg för gratis nedlasting frå nettet, men han er inkludert med Microsoft Office 2000, FrontPage 2000, Office XP og Publisher 2002. Andre brukande fontar er:

  • Gentium/GentiumAlt — kan lastast ned gratis frå www.sil.org
  • Tahoma — inkludert med Microsoft Windows XP, SP2
  • Microsoft Sans Serif — inkludert med Microsoft Windows XP, SP2
  • Code2000 — kan lastast ned som shareware (5 US$) frå home.att.net/~jameskass
  • jGaramond — kan lastast ned gratis frå www.janthor.de
  • Doulos SIL — kan lastast ned gratis frå www.sil.org
  • TITUS Cyberbit Basic — kan lastast ned gratis frå uni-frankfurt.de

Kan du ikkje sjå de hebraiske skrifttekna?

For å sjå de hebraiske skrifttekna lyt du ha datamaskin og operativsystem som er nye nok til at de kan bruke Unicode. Om du har ein Macintosh som kjører OS-X 10.2 eller nyare, er ikkje detta noko problem. Windows ME, 2000 og XP klarar òg detta utan problem (og Windows 95 og 98 klarar det stort sett òg). De fleste versjonane av Linux frå de siste åra skal kunna greie med Unicode òg.

Nettlesaren din lyt òg vara relativt ny. Best er det å bruke ein rimelig ny versjon av Opera eller Internet Explorer (men ikkje IE 8), men Mozilla og Firefox har òg vorte flinkare de siste åra...

Om datamaskina di, operativsystemet ditt og nettlesaren din er nye nok, så er det neste problemet å ha ein brukande font installert. Arial Unicode MS greier detta utan problem — i prinsippet... I praksis ser hebraisk i denna fonten så stygt ut at det definitivt er best å finne ei anna løysning. Fontane som er opplista nedafor er gratis för ikkje-kommersiell bruk og er svært fine å sjå til og rimelig tydelige å lesa:

  • BEST: SBL Hebrew — kan lastast ned gratis för ikkje-kommersiell bruk frå www.sbl-site.org
  • NEST BEST: Ezra SIL SR/Ezra SIL — kan lastast ned gratis frå www.sil.org

Kan du ikkje sjå noteeksempla?

For å sjå de noteeksempla som ikkje er grafikkbasert, lyt du ha fonten MusiQwik installert. (Verkar på alle versjonar av Microsoft Windows og de nyaste versjonane av Linux og Macintosh) Denna fonten, som er gratis, kan du laste ned frå Robert Allgeyer.

Kan du ikkje sjå gurmukhiskrifta?

I artiklane om sikhismen blir det bruka ein del gurmukhiskrift. For å sjå denna skrifta best mulig, må du ha anten Arial Unicode MS eller ein annan font som inkluderer gurmukhiskrift installert. Ein god pakke av fontar (gratis) finn du på sida http://www.gurbanifiles.org/unicode/ . Meir info og pekarar til andre fontar finst på http://www.travelphrases.info/gallery/Fonts_Gurmukhi.html .

Brukar du ei skuledatamaskin ...

... eller ei biblioteksdatamaskin der berre systemansvarlige kan installere nye fontar?

Vis denna sida til den som er IT-ansvarlig, evt. til religionslæraren, kontaktlæraren eller IT-læraren. Om du kan overtyde dem om at denna nettstaden er nyttig å kunna bruke, så er det gode sjansar for at de vil sørge for å få de nødvendige skrifttypane installert.