Hindrem stavkirkje

Frå Alnakka.net
Hindrem stavkirkje
Olve Utne (2017)

Hindrem stavkirkje er ei stavkirkje som vart oppført i 2011–2012 og innvigd den 9. september 2012Hindrem i Leksvik i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Kirkja er bygd på samma staden som den gamle Hindrem stavkirkje, som var nemnt i Reformatsen 1589 og vart reven da det vart bygd ny kirkje der i 1665. Nykirkja vart reven i 1897 etter at kirkjestaden hadde vorte flytta til Vanvikan.

På eit møte i 2003 vart det vedteke å byggje ei stavkirkje på den gamle kirkjestaden, og Hindrem Stavkirkelag vart stifta. Det vart kjøpt tomt inntil den gamle gravstaden. Kirkja vart bygd med lokalt tømmer og mykje dugnad. På samma måten som dei andre nybygde stavkirkjone i Trøndelag er denne kirkja bygd etter modell av Haltdalen stavkirkje.

Bildegalleri