Herman Fischer (1893–1943)

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. april 2020 kl. 03:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>'''Herman Fischer''' (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsm…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Herman Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsmann og cellist i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix og var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret.

Familien

Herman Fischer gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915. De fikk borna Lilly Fischer (f. 1916), Sara Fischer (f. 1920), Emanuel Fischer (f. 1923), Judith Fischer (f. 1930), Ruth Fischer (f. 1931) og Theodor Fischer (f. 1937).

Drepen av nazistane

Herman Fischer vart arrestert av nazistane og innsett i Ålesund kretsfengsel den 23. mai 1942. Den 12. juli vart han overført til Vollan i Trondheim. Den 7. august vart han og Abraham Borøchstein tekne ombord i eit skip og tekne nordover til Kvænangen. Den 11. november samma året vart de tekne ombord på eit skip att og sendt til Grini fangeleir, der de kom fram den 21. november. Den 26. november 1942 vart han og mange andre sendt med DS «Monte Rosa» til Århus i Danmark. Frå Århus vart de tekne med tog til Hamburg og derifrå att til Berlin. Frå Berlin vart de sendt med kuvogner vidare, og de kom til Auschwitz den 11. desember 1942. Herman Fischer dødde i Auschwitz den 2. januar 1943.