Herjedalsk

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.

Fonologi (lydlære)

Vokalar

Dei historiske diftongane ei, öy og au er monoftongert i herjedalsmålet. Monoftongert ei blir tradisjonelt uttala med ein open e-lyd (/bɛ:n/) som i eldre nordmøring, og historisk au blir uttala som ein open u-lyd (/ɷ̈:ge/).

Konsonantar

V er stum i historisk vr-: /rå:/.

Palatalisering

Historisk ll og nn har palatalisert uttale i store deler av Herjedalen. Sambanda ld og nd beheld d-lyden.

Kvantitet og tone

Morfologi (formlære)

Syntaks (setningslære)

Bibliografi

  • Kolsrud, Sigurd: «Herjedalsk», i Kolsrud, Sigurd: Nynorsken i sine målføre. Oslo (Universitetsforlaget), 1974. ISBN 82-00-01371-5.