Skilnad mellom versjonar av «Henrik Wergeland»

Frå Alnakka.net
s (Utbyting av tekst - «{{skrivit}}» til «skr{{ì}}ve»)
s (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
 
Line 19: Line 19:
Etter Katedralskolen tok Wergeland til med eit teologisk embetsstudium ved universitetet. Samtidig heldt han fram med diktinga si. Det første store verket, ''Skabelsen, Mennesket og Messias'' vart utgjeve i [[1829]]. Det var eit storslege verdsdikt som tek for seg verdshistoria frå skapinga og utover. Verket var religiøst prega og knytt til høgromantikken og tankegods frå den franske revolusjonen. Han var òg blanda opp i det kjente [[Torvslaget]] 17. mai [[1829]], der han sleppte frå det med eit sabelslag over ryggen. Da han seinare vart innteken til avhør tedde han seg slik at han vart ein folkehelt og för mange eit symbol på feiringa av 17. mai. Fire år seinare vart han den første som heldt [[17. maitale]].
Etter Katedralskolen tok Wergeland til med eit teologisk embetsstudium ved universitetet. Samtidig heldt han fram med diktinga si. Det første store verket, ''Skabelsen, Mennesket og Messias'' vart utgjeve i [[1829]]. Det var eit storslege verdsdikt som tek for seg verdshistoria frå skapinga og utover. Verket var religiøst prega og knytt til høgromantikken og tankegods frå den franske revolusjonen. Han var òg blanda opp i det kjente [[Torvslaget]] 17. mai [[1829]], der han sleppte frå det med eit sabelslag over ryggen. Da han seinare vart innteken til avhør tedde han seg slik at han vart ein folkehelt og för mange eit symbol på feiringa av 17. mai. Fire år seinare vart han den første som heldt [[17. maitale]].


I [[1830]] skreiv Wergeland til [[Selskabet for Norges Vel]] og bad dem hjelpe honom med å få sendt ut opplysingsskrifter til allmugen. Han var oppteken av vanlege folk og støtta dem ofte når dei hade det ogreitt med embetsstanden. Somme tider førte han sak for dem, og han kom ofte opp i krangel med prokuratorar og andre høgtståande menn. Men han vart svært elska av vanlege folk, og det gikk gjetord og segner om han på Romeriksbygdene mange år etter at han var borte.
I [[1830]] skreiv Wergeland til [[Selskabet for Norges Vel]] og bad dem hjelpe honom med å få sendt ut opplysingsskrifter til allmugen. Han var oppteken av vanlege folk og støtta dem ofte når dei hadde det ogreitt med embetsstanden. Somme tider førte han sak for dem, og han kom ofte opp i krangel med prokuratorar og andre høgtståande menn. Men han vart svært elska av vanlege folk, og det gikk gjetord og segner om han på Romeriksbygdene mange år etter at han var borte.


Wergeland var ein vilter kar som lett eggja på seg motstandarar. Den verste av dem var nok [[Johan Sebastian Welhaven]], som ergra seg over at Wergeland var så ogrei i forma. Stilidealet til Welhaven var klassisistisk og Wergeland skreiv i fri stil. Dessutan var Wergeland raskare enn Welhaven, og Welhaven tolte ikkje lynnet hans. De rauk i hop om synet på [[Danmark]] òg: Wergeland meinte Norge laut finne seg sjølv og bryte med den dansk-norske einheitskulturen i skrift og dikting, medan Welhaven var konservativ og heldt på det danske. Wergeland vart ledar för de radikale «patriotane», medan Welhaven førte «troppen» eller «danomanene». Dessa gruppone krangla i avisone fleire gonger i åra som følgte. Welhaven gikk til skriftlig åtak og Wergeland svara med eit satirisk skodespel. Krangelen toppa seg i ''Campbellerslaget'' i [[1838]].  
Wergeland var ein vilter kar som lett eggja på seg motstandarar. Den verste av dem var nok [[Johan Sebastian Welhaven]], som ergra seg over at Wergeland var så ogrei i forma. Stilidealet til Welhaven var klassisistisk og Wergeland skreiv i fri stil. Dessutan var Wergeland raskare enn Welhaven, og Welhaven tolte ikkje lynnet hans. De rauk i hop om synet på [[Danmark]] òg: Wergeland meinte Norge laut finne seg sjølv og bryte med den dansk-norske einheitskulturen i skrift og dikting, medan Welhaven var konservativ og heldt på det danske. Wergeland vart ledar för de radikale «patriotane», medan Welhaven førte «troppen» eller «danomanene». Dessa gruppone krangla i avisone fleire gonger i åra som følgte. Welhaven gikk til skriftlig åtak og Wergeland svara med eit satirisk skodespel. Krangelen toppa seg i ''Campbellerslaget'' i [[1838]].  
Line 27: Line 27:
I [[1841]] vart Wergeland tilsett som den første [[riksarkivar]]en i Norge. Han satt med stillinga til han vart sjuk. Han fikk da fast inntekt og var tilsett på kongeleg bod. Mange av de tidlegare radikale venene hans meinte detta var eit svik mot den gamle republikanske saka, og Wergeland kjente seg einsam. Men han heldt seg på føterne og fortsette å skrive.
I [[1841]] vart Wergeland tilsett som den første [[riksarkivar]]en i Norge. Han satt med stillinga til han vart sjuk. Han fikk da fast inntekt og var tilsett på kongeleg bod. Mange av de tidlegare radikale venene hans meinte detta var eit svik mot den gamle republikanske saka, og Wergeland kjente seg einsam. Men han heldt seg på føterne og fortsette å skrive.


I slutten av april [[1844]] fekk Wergeland [[lungebetennelse]]. Han vart sengeliggjande i eit par vekkor men meinte han hade plikt til å vara ute og til stades på nasjonaldagen samma året. Camilla, søster hans, møtte han på veg til feiringa, ''“mager og bleeg som døden, men med søttendemajsblikke”''. Etter detta tok sjukdommen seg opp att, og no var det ikkje råd å komma seg att. Wergeland sleit med sjukdommen i fleire månader, og han dødde i juli [[1845]], trettisju år gammel. Det er vanlig å seie at han dødde av [[tuberkulose]] og [[lungebetennelse]], men sjukdommen kan òg ha vore [[cystisk fibrose]] eller [[lungekreft]].  
I slutten av april [[1844]] fekk Wergeland [[lungebetennelse]]. Han vart sengeliggjande i eit par vekkor men meinte han hadde plikt til å vara ute og til stades på nasjonaldagen samma året. Camilla, søster hans, møtte han på veg til feiringa, ''“mager og bleeg som døden, men med søttendemajsblikke”''. Etter detta tok sjukdommen seg opp att, og no var det ikkje råd å komma seg att. Wergeland sleit med sjukdommen i fleire månader, og han dødde i juli [[1845]], trettisju år gammel. Det er vanlig å seie at han dødde av [[tuberkulose]] og [[lungebetennelse]], men sjukdommen kan òg ha vore [[cystisk fibrose]] eller [[lungekreft]].  


Medan han låg sjuk, fortsette han å skrive dikt, artiklar og skodespel. Det siste han skreiv er datert [[11. juli]] [[1845]]. Han dødde samma natta. Wergeland vart gravlagt på [[Vår Frelsers Gravlund]] i [[Christiania]], og [[Eilert Sundt]] heldt gravtala på vegner av [[Det Norske Studentersamfund]]. Sundt, og seinare [[Bjørnson]], såg verket sitt som eit framhald av arbeidet til Wergeland. Da han dødde 37 år gammel, hade han skreve 9 000 sidor.
Medan han låg sjuk, fortsette han å skrive dikt, artiklar og skodespel. Det siste han skreiv er datert [[11. juli]] [[1845]]. Han dødde samma natta. Wergeland vart gravlagt på [[Vår Frelsers Gravlund]] i [[Christiania]], og [[Eilert Sundt]] heldt gravtala på vegner av [[Det Norske Studentersamfund]]. Sundt, og seinare [[Bjørnson]], såg verket sitt som eit framhald av arbeidet til Wergeland. Da han dødde 37 år gammel, hadde han skreve 9 000 sidor.


== Verk ==
== Verk ==

Siste versjonen frå 5. mai 2020 kl. 13:11

Henrik Arnold Wergeland.

Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikle mykje av den norske nasjonalkjensla og blir gjerne òg rekna som ein av de største norske lyrikarane gjenom tidene. Han er først og fremst kjent som ein romantisk diktar.

Liv

Barndom

Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fikk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Forfattarinna Camilla Collett, fødd Wergeland, var søster hans Henrik Wergeland. Elles hadde Henrik tre sysken til, Harald, Augusta og Oscar. Faren følgte den franske tenkjaren Jean Jacques Rousseau sine prinsipp om barneoppdragelse.

Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll da Henrik var 9 år gammel. Da han kom i framslengsåra vart han sendt til Katedralskolen i Christiania, og samtidig tok han til å skrive dikt og småe skodespel. Dei første vart trykt i 1826. Det første han hadde fått trykt, vart skreve medan han var tretten år gammel, ein kort tekst han kalla Blodstenen. Medan han framleis var gut, tok han og søstra Camilla initiativet til det første barnetoget i Norge, på Eidsvoll kring 1820.

Stormande ungdomsår

Medan Wergeland framleis gikk på skulen, vart han stormforelska fleire gonger. To av dei jentone han kjente mest for, var Elise Wolff og Hulda Malthe. Særleg Hulda skulle få mykje å seie. Det var henne Wergeland kom til å gjera om til den ideelle kvinneskapningen Stella. Men Stella er òg prega av Elise Wolff og dei andre. Stella var ein himmelånd og vart inspirasjonen for den første diktsamlinga Digte, første Ring. Mange av dikta her er skrevne til Stella, men namnet Hulda er òg til stades, særleg synleg når han skriv om «Huldblomstens sjæl».

På bakgrunn av desse sterke kjenslone var det at Wergeland tok til å byggje opp kosmologien sin og skapte tanken om eit heilheitsdikt, Skabelsen, Mennesket og Messias.

Vaksen alder

Fil:Wergeland sykeleie.jpg
Wergeland på sjukeleiet

Etter Katedralskolen tok Wergeland til med eit teologisk embetsstudium ved universitetet. Samtidig heldt han fram med diktinga si. Det første store verket, Skabelsen, Mennesket og Messias vart utgjeve i 1829. Det var eit storslege verdsdikt som tek for seg verdshistoria frå skapinga og utover. Verket var religiøst prega og knytt til høgromantikken og tankegods frå den franske revolusjonen. Han var òg blanda opp i det kjente Torvslaget 17. mai 1829, der han sleppte frå det med eit sabelslag over ryggen. Da han seinare vart innteken til avhør tedde han seg slik at han vart ein folkehelt og för mange eit symbol på feiringa av 17. mai. Fire år seinare vart han den første som heldt 17. maitale.

I 1830 skreiv Wergeland til Selskabet for Norges Vel og bad dem hjelpe honom med å få sendt ut opplysingsskrifter til allmugen. Han var oppteken av vanlege folk og støtta dem ofte når dei hadde det ogreitt med embetsstanden. Somme tider førte han sak for dem, og han kom ofte opp i krangel med prokuratorar og andre høgtståande menn. Men han vart svært elska av vanlege folk, og det gikk gjetord og segner om han på Romeriksbygdene mange år etter at han var borte.

Wergeland var ein vilter kar som lett eggja på seg motstandarar. Den verste av dem var nok Johan Sebastian Welhaven, som ergra seg over at Wergeland var så ogrei i forma. Stilidealet til Welhaven var klassisistisk og Wergeland skreiv i fri stil. Dessutan var Wergeland raskare enn Welhaven, og Welhaven tolte ikkje lynnet hans. De rauk i hop om synet på Danmark òg: Wergeland meinte Norge laut finne seg sjølv og bryte med den dansk-norske einheitskulturen i skrift og dikting, medan Welhaven var konservativ og heldt på det danske. Wergeland vart ledar för de radikale «patriotane», medan Welhaven førte «troppen» eller «danomanene». Dessa gruppone krangla i avisone fleire gonger i åra som følgte. Welhaven gikk til skriftlig åtak og Wergeland svara med eit satirisk skodespel. Krangelen toppa seg i Campbellerslaget i 1838.

Trass i Campbellerslaget vart stykket vel motteke og Wergeland skaffa seg ei hytte i Grønlia under Ekebergåsen. For å komma dit laut han ro over fjorden, og han fekk båtplass med fraktmannen Bekkevold i Skippergata. Slik var det han møtte den nitten år gamle dotra ått fraktmannen, Amalie Sophie Bekkevold, som han förelska seg i og som han gifta seg med etter eit år. Denna nye kjærligheita førte òg til at han tok til å skrive nye kjærligheitsdikt, samlinga Poesier frå 1839. Denna samlinga inneheld nokre av de vakraste dikta Wergeland skreiv. Amalie levde i tretti år etter Wergeland, og da ho dødde, begynte nekrologen slik: “Henrik Wergelands enke er nu gått bort, og ingen er som henne besunget i norsk litteratur.”

I 1841 vart Wergeland tilsett som den første riksarkivaren i Norge. Han satt med stillinga til han vart sjuk. Han fikk da fast inntekt og var tilsett på kongeleg bod. Mange av de tidlegare radikale venene hans meinte detta var eit svik mot den gamle republikanske saka, og Wergeland kjente seg einsam. Men han heldt seg på føterne og fortsette å skrive.

I slutten av april 1844 fekk Wergeland lungebetennelse. Han vart sengeliggjande i eit par vekkor men meinte han hadde plikt til å vara ute og til stades på nasjonaldagen samma året. Camilla, søster hans, møtte han på veg til feiringa, “mager og bleeg som døden, men med søttendemajsblikke”. Etter detta tok sjukdommen seg opp att, og no var det ikkje råd å komma seg att. Wergeland sleit med sjukdommen i fleire månader, og han dødde i juli 1845, trettisju år gammel. Det er vanlig å seie at han dødde av tuberkulose og lungebetennelse, men sjukdommen kan òg ha vore cystisk fibrose eller lungekreft.

Medan han låg sjuk, fortsette han å skrive dikt, artiklar og skodespel. Det siste han skreiv er datert 11. juli 1845. Han dødde samma natta. Wergeland vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Christiania, og Eilert Sundt heldt gravtala på vegner av Det Norske Studentersamfund. Sundt, og seinare Bjørnson, såg verket sitt som eit framhald av arbeidet til Wergeland. Da han dødde 37 år gammel, hadde han skreve 9 000 sidor.

Verk

Av utdaning var Wergeland Cand.theol. Av yrke var han redaktør, amanuensisUniversitetsbiblioteket og byråsjef i Riksarkivet.

Han var ei eldsjel som arbeidde for å få oppheva forbodet mot jødar i Den norske grunnlova. Han stifta folkebibliotek, sokneselskap og ungdomslag. Han kjempa för språklig og kulturell lausriving frå Danmark og för feiring av den norske nasjonaldagen 17. mai. Wergeland påverka generasjonar av seinare diktarar, frå Bjørnstjerne Bjørnson til Nordahl Grieg.

“Taknemmelige jøder udenfor Norriges grændser reiste ham dette minde”, står det på monumentet som svenske og danske jødar fikk reist på Wergeland sin gravstad på Vår Frelsers gravlund i Christiania (Oslo) i 1849.

Utgjevingar

Bøker

  • 1829 - Digte, første Ring
  • 1830 - Skabelsen, Mennesket og Messias
  • 1833 - Spaniolen
  • 1833 - Digte, anden Ring
  • 1835 - Barnemodersken; Skuespil
  • 1838 - Campbellerne
  • 1838 - Poesier
  • 1840 - Jan van Huysums Blomsterstykke
  • 1841 - Svalen
  • 184143 - Norges Constitutions Historie
  • 1842 - Jødesagen i det norske Storthing
  • 1842 - Jøden
  • 1844 - Den engelske Lods
  • 1844 - Jødinden
  • 1845 - Mennesket. Episk dikt
  • 1845 - Hasselnødder

Tidsskrift

Som författar

«I folkeopplysningens tjeneste» gav Wergeland frå 1839 til 1845 ut tidsskrifta:

Som redaktør

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Henrik Wergeland» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.