Hekhál

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 05:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>Ein '''Hekhál''' (הֵיכָל (sef.)) eller '''Aron kódesj''' (אָרוֹן קּֽדֶשׁ) (asjk.)) er i moderne jødedom namnet på arka som ein oppbev…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ein Hekhál (הֵיכָל (sef.)) eller Aron kódesj (אָרוֹן קּֽדֶשׁ) (asjk.)) er i moderne jødedom namnet på arka som ein oppbevarer sefarím (torárullar) i esnogaen (synagogen).

I förbindelse med Hekhálen er det oftast eit forheng som blir kalla parókhet. Parókheten er oftast innaför Hekhál-dörene i portugisarjødiske esnogas i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika. Dét er ofte fallet i marokkanske esnogas òg. Dei fleste andre sefardiske og asjkenaziske synagogar har parókheten på utsida av Hekhál-dörene.