Hekhál
Frå Alnakka.net
Ein Hekhál (הֵיכָל (sef.)) eller Aron kódesj (אָרוֹן קּֽדֶשׁ) (asjk.)) er i moderne jødedom namnet på arka som ein oppbevarer sefarím (torárullar) i esnogaen (synagogen).
I samband med Hekhálen er det oftast eit forheng som blir kalla parókhet. Parókheten er oftast innaför Hekhál-dörene i portugisarjødiske esnogas i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika. Dét er ofte fallet i marokkanske esnogas òg. Dei fleste andre sefardiske og asjkenaziske synagogar har parókheten på utsida av Hekhál-dörene.