Haustjamdøgn

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 01:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{skrivit}}» til «skr{{ì}}ve»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kossen sollyset treff jorda på haustjamdøgn (og vårjamdøgn). (Ill.: Przemyslaw Idzkiewicz)

Haustjamdøgn (òg skreve haustjamdøger) og vårjamdøgn er dei døgna da natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn blir dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert begynnelsen av hausten.

Haustjamdøgn finn stad mellom den 22. og 24. september, alt etter kvar ein er. Oftast fell det på den 23. september, men på ein tidlegare dato mot vest og seinare mot aust.

Det er vanleg å halde haustfestar kring denne tida, slik som sukkót i jødedommen og hausttakkefest i luthersk kristendom. I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, Shūbun no hi) der ein besøkjer familiegravstader og held familieselskap.

I den franske revolusjonskalenderen, som vart bruka frå 1793 til 1805, var haustjamdøgn nyårsdagen. Grunnen til dette er at Den første franske republikken vart erklært den 21. september 1702, og den nye kalenderen med eit nytt år vart rekna for å ha begynt dagen etter.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Haustjamdøgn» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.