Hartvig Philip Rée

Frå Alnakka.net

Hartvig Philip Rée (17781859) var ein dansk-jødisk kjøpmann og forfattar.

Hartvig Philip Rée vart fødd den 12. oktober 1778 i Fredericia som son ått förretningsmannen Philip Hartvig Rée. Philip Hartvig Rée dødde under ei förretningsreise til Ålborg i 1799, og Hartvig Philip, som var den eldste av tretten søsken, tok da over ledelsen av Handelshuset Philip Hartvig Rée & Co. etter far sin. I heimen og med slektningar i Hamborg hadde den evnerike og flittige unge mannen lært kjøpmannskap; men han hadde òg studert Bibelen og gjort seg kjent med seinare jødisk filosofisk og poetisk litteratur under rettleiding frå den omvandrande litteraten Elasar Lisser. Verksamheita i handelshuset auka mykje etter at Hartvig Philip flytta hovudkvarteret til Århus og etter at to av de yngre brørne hadde etablert seg i samvirke med honom; Israel Philip Rée i Hamborg og Isak Philip Rée i Randers.

Förretningane i Århus og Randers, som i tillegg til store handelsføretak kom til å omfatte skipsrederi, sukkerraffineri, sjokoladefabrikk, klesfabrikk osv., haurde med til de største og mest velsette føretaka i de danske provinsbyane i første halvdelen av 1800-talet. H.P. Rée interesserte seg for landøkonomi og anla ein haga som vart ein av de allmenne attraksjonane i Århus på den tida. Han var den første danske jøden som vart eligert til borgar. Seinare vart broren Isak òg eligert.

Synagogen

H.P. Rée stod i spissen for det litle jødiske samfunnet i Århus. Han var svært interessert i gudstjenesta, gav synagogen lokale i bygården sin og arbeidde for å ordne og smykke liturgien. Den første agenden for ei ordna jødisk gudstjeneste i Danmark vart utgjeven av honom i 1825. Sjølv skreiv han hebraiske religiøse leiligheitsdikt og fikk ein yngre musikar, L. Meyer, til å komponere musikk til synagogesongane. Agenden hans vart innført i det jødiske samfunnet i Odense, men gikk utur bruk att der etter nån få år. Eitt av leiligheitsdikta hans på hebraisk og tysk vart skreve for bruk i det jødiske samfunnet i München.

H.P. Rée prøvde seg òg på bibelsk-eksegetiske undersøkjelsar og skreiv fleire tidsskriftartiklar. Ein del av dem vart samla i boka Forschungen üb. die Überschriften der Psalmen (Leipzig, 1846).

Gift var han med sin Kusine Therese f. Rée fra Altona. Etter at ho dødde den 31. desember 1850, flytta han til København. Der var det særlig filosofien ått Rasmus Nielsen som opptok den gamle mannen. Han dødde i oktober 1859.

Born

Pekarar

Mal:Dansk biografisk Lexikon