Haradyr

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 25. april 2020 kl. 19:21 av Bottolf (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
[arnáb] m. Mal:He big
[arnébet] f. Mal:He big
Haradyr (Lagomorpha)
Mal:Lo tahór

Haradyr (lat. Lagomorpha) er ein pattedyrorden med to familiar, Leporidae (harar og kaninar) og Ochotonidae (pikaer eller pipeharar). Haradyra er truleg nærmast i slekt med gnagarar (Rodentia), og fram til tidleg på 1900-talet vart begge ordenane rekna til superfamilien Glires. Haradyra skil seg frå gnagarar ved fleire særtrekk:

  1. Haradyr har fire fortenner i overkjeven; gnagarar har to.
  2. Skrotum ligg framför penis på haradyr; gnagarar har skrotum attom penis.
  3. Haradyr har ikkje penisbein (os baculum)
  4. Haradyr fordøyer den celluloserike maten to gonger ved at maten først blir fordøydd og ekskrementert i form av cecotropar som så blir oppattetne og fordøydd éin gong til.

Halakhisk status: lo tahór

  • Forboden mat: Alle haradyr hører til kategorien lo tahór etter Toráen. Det vil seie at det er förbode å eta dem eller mjølkeprodukt frå dem etter halakhá og at daude haradyr er rekna som tamé (oreine).
  • Tillatne som kjæledyr: Levande haradyr er ikkje tamé i seg sjølve, og det er ikkje noko forbod mot å klappe eit haradyr eller løfte det opp (så lenge ein veit kossen ein skal løfte dem, slik at ein ikkje plagar eller skadar dem). Ein kan gjerne ha kaninar som kjæledyr etter halakhá.

Taksonomi

Pipeharar el. pikaer (Ochotonidae)

Nordlig pika ved Hokkaido i Japan.
Foto: ほくなん

Ochotonidae (pipeharar eller pikaer) skil seg ut frå Leporidae (kaninar og harar) først og fremst ved at de ofte er ganske høglydt — derav namnet pipeharar. Det finst to slekter, Ochotona og Prolagus.

Harar og kaninar (Leporidae)

Harar

Harar skil seg ut frå kaninar ved at ungane er fødd med full pels og ferdigutvikla augor. Det finst tre olike slekter av harar: Caprolagus (bristly rabbit eller hispid hare på engelsk), Lepus (vanlege harar og eselharar) og Pronolagus (raudharar).

Kaninar

Kaninar skil seg ut frå harar ved at ungane er fødd blinde og med lite pels. Det finst åtte olike slekter av kaninar: Brachylagus, Bunolagus, Nesolagus, Oryctolagus (europeisk kanin, inkludert huskanin), Pentalagus, Poelagus, Romerolagus og Sylvilagus (buskhalekanin).

Litteratur

  • Ulfur Arnason ... [et.al]: «Mammalian mitogenomic relationships and the root of the eutherian tree», i PNAS, 102 (2002), s. 8151–8156. Nettutgåve
  • W. H. Li ... [et.al.]: «Molecular phylogeny of Rodentia, Lagomorpha, Primates, Artiodactyla, and Carnivora and molecular clocks», i PNAS, 87 (1990), v. 17, s. 6703–6707. nettutgåve


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Haredyr» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.